Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 6 · 2022-2023

Spørsmålet går til statsråd Vestre. Då me førre gong hadde ei raud-grøn regjering, frå 2005 til 2013, såg Hordaland og Rogaland Framstegsparti seg nøydde til å dra i gang eit vestlandsopprør i 2011. …

Sigbjørn Framnes (FrP) stilte spørsmålet til næringsministeren, Jan Christian Vestre, 15. mars 2023.

Til
Næringsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
15. mars 2023
Besvart
15. mars 2023

Næringsliv · Lokalforvaltning · Distriktspolitikk

Spørsmål

Spørsmålet går til statsråd Vestre.

Då me førre gong hadde ei raud-grøn regjering, frå 2005 til 2013, såg Hordaland og Rogaland Framstegsparti seg nøydde til å dra i gang eit vestlandsopprør i 2011. Frustrasjonen i vest var stor på grunn av regjeringa si manglande samferdselssatsing, nei-haldning i arealpolitikken, ein næringsfiendtleg skattepolitikk, motstanden mot heving av ubåten på Fedje, kraftliner i Hardanger og arroganse frå Oslo-makta.

Salige statsvitar, professor og Arbeidarparti-medlem Frank Aarebrot var på Framstegspartiet si side og hevda at Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV si neglisjering av Vestlandet gav grobotn for opprøret, og at det var reell fare for at Vestlandet ville gå sin eigen veg og krevje meir makt. Han såg føre seg at det kunne kome krav om mogleg oppsplitting av landet i retning av sjølvstyrte einingar.

No er det næringslivet som står i spissen for vestlandsopprøret, og det berre eitt og eit halvt år etter at me fekk ei ny raud-grøn regjering. Mange av argumenta er dei same: manglande samferdselssatsing, skattesjokk for næringslivet langs kysten og ei gigantisk overføring av pengar og makt til hovudstaden. Kva meiner statsråd Vestre er grunnen til at dei to siste raud-grøne regjeringane hamnar i ein slik konflikt med innbyggjarane og næringslivet på Vestlandet?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sigbjørn Framnes →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.