Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1828 · 2022-2023

Vil forsvarsministeren sørge for at Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) får vidare finansiering av arbeidet med å kartlegge dumpingplassar for militær ammunisjon i norske fjordar, og at det blir …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til forsvarsministeren, Bjørn Arild Gram, 26. mars 2023. Svaret kom 11. april 2023.

Til
Forsvarsministeren · Bjørn Arild Gram
Datert
26. mars 2023
Besvart
11. april 2023

Spørsmål

Vil forsvarsministeren sørge for at Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) får vidare finansiering av arbeidet med å kartlegge dumpingplassar for militær ammunisjon i norske fjordar, og at det blir gjennomført nærare undersøking og risikovurdering av dei store mengdene ammunisjon som er påvist dumpa i Osterfjorden i Vestland fylke?

Begrunnelse

Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) har dei siste åra gjennomført eit stort prosjekt med å få oversikt over gamle, ukjende dumpingplassar for ammunisjon i sjøen langs norskekysten. Eitt av funna som er gjort av store mengder dumpa ammunisjon frå andre verdskrigen og framover, er i Osterfjorden i Vestland fylke.
I følgje avisa Nordhordland seier FFI at det er sterkt ønskjeleg å få kartlagt nærare dei store mengdene ammunisjon som er påvist i Osterfjorden, og få gjort ei risikovurdering av situasjonen. Ammunisjonen kan enno ha stor sprengkraft, og innehalde miljøskadelege stoff som bly og kvikksølv.
Det er likevel uklart om dette er mulig å gjere, fordi kartleggingsprosjektet ikkje har finansiering ut over 1. halvår 2023. Tilsvarande vil det då heller ikkje vere finansiering til å halde fram kartlegging, risikovurdering og sikring av tilsvarande dumpingstader av ammunisjon andre stader langs kysten.

Svar

Forsvarsministeren Bjørn Arild Gram, 11. april 2023

Forskingsprosjektet Krigsetterlatenskapers lokalisering og risiko ved Forsvarets forskingsinstitutt vart etablert 29. januar 2020 og blir sluttført 31. juli 2023. Prosjektet er fullfinansiert for perioden, og inkluderer kartlegging av førekomstar av krigsetterlatenskaper og synleggjering av desse i eit brukarvennleg digitalt system. Finansieringsbidraga er frå ein rekke aktørar, og inkluderer Forsvarsdepartementet, Mattilsynet, Miljødirektoratet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Kystverket.
Moglegheitene for vidareføring og finansiering av forskingsprosjektet som eit samarbeid mellom fleire departement og underliggjande verksemder utover juli 2023 er under utgreiing, og ei avklaring er planlagt før sommaren. Eit eventuelt vidareført prosjekt vil mellom anna vidareutvikle oversikta over lokasjonar med eksplosivforureining, inkludert oversikt/estimat over ammunisjonstypar og mengder.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.