Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1713 · 2022-2023

Det hastar med å få ei avklaring for flyruta Stord–Oslo. Ei midlertidig ordning med 8 rotasjonar er no på plass. Frå og med 20. mars aukar DAT frekvensen på ruta frå 5 til 8 rotasjonar pr. veke. …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 16. mars 2023. Svaret kom 24. mars 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
16. mars 2023
Besvart
24. mars 2023

Spørsmål

Det hastar med å få ei avklaring for flyruta Stord–Oslo. Ei midlertidig ordning med 8 rotasjonar er no på plass. Frå og med 20. mars aukar DAT frekvensen på ruta frå 5 til 8 rotasjonar pr. veke. Ordninga gjeld fram til og med 31. mai d.å. Likevel er det naudsynt med 12 rotasjonar og gode rutetider for å få ei tenleg rute for regionen.
Vil departementet bidra til å få dette på plass inntil avklaring om FOT-rute for sambandet endeleg er på plass?

Begrunnelse

Med økonomisk støtte frå eigarane, Stord kommune og Vestland fylkeskommune vart flyruta Stord-Oslo lyst ut på eit anbod gjeldande for 3 månadar. Flyselskapet DAT var einaste tilbydar. Primært ønskte Stord lufthamn seg ein ruteplan basert på 12 rotasjonar pr. veke. Utfrå dei økonomiske midlane dei hadde til disposisjon let dette seg ikkje gjennomføra.
Etter forhandlingar med DAT har dei vorte samde om ein ny ruteplan, der dei aukar frå 5 rotasjonar i veka til 8 rotasjonar. I ruteplanen har dei fokusert på å få eit best mogleg tilbod til dei reisande. Rutetidene er ikkje heilt optimale då dei må dela fly med Florø og Ørlandet.
Det hastar difor med å få på plass dei endelege avklaringane frå departementet, då dette er den einaste måten ein kan sikre eit godt og føreseieleg tilbod for ruta Stord – Oslo.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 24. mars 2023

Regjeringa varsla 15. mars 2023 at vi har vedteke å styrke rutetilbodet og redusere billettprisane i FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024. Eit av tiltaka er å ta flyruta mellom Stord og Oslo inn i FOT-ordninga ved oppstart av neste avtaleperiode 1. april 2024, noko som har blitt godt mottatt på Sunnhordland.
Når det gjelder flyruteilbodet før den tid, er merknaden om ruta Stord–Oslo frå Stortinget sin handsaming av statsbudsjettet 2023 til vurdering i Samferdselsdepartementet, jf. Innst. 13 S (2022–2023). Departement er og i dialog med lufthamnselskapet. Eg tar sikte på ei avklaring før utløpet av den lokale kjøpsavtalen 31. mai 2023.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.