Muntlig spørsmål nr. 3 · 2022-2023
For kystfolket var valet i 2021 eit skjebneval. I mange år hadde dei sett kystsamfunn forvitre fordi fiskeressursane hadde blitt konsentrert på stadig færre hender, sentralisert på stadig færre …
Torgeir Knag Fylkesnes (SV) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 22. februar 2023.
- Fra
- Torgeir Knag Fylkesnes (SV)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 22. februar 2023
- Besvart
- 22. februar 2023
Fiskerier
Spørsmål
For kystfolket var valet i 2021 eit skjebneval. I mange år hadde dei sett kystsamfunn forvitre fordi fiskeressursane hadde blitt konsentrert på stadig færre hender, sentralisert på stadig færre stader. Dei hadde opplevd på kroppen at kvotesystemet ikkje var organisert for dei. Det var ikkje nærleik til fiskeressursar som avgjorde retten til å fiske, det var nærleik og tilgang til kapital som avgjorde. Systemet hadde blitt det motsette av kva det opphavleg skulle vere. Målet var ikkje å få til busetjing og skape mest mogleg verdi av fiskeressursane i distrikta, men mest mogleg verdi for færrast mogleg.
Kritikken og opprøret har vore der lenge, men blitt avfeia av den eine fiskeriministeren etter den andre. Men i april 2020 slo bomba ned i norsk fiskeripolitikk. Riksrevisjonens grundige gjennomgang av kvotesystemet var oppskakande lesing. Kvotesystemet, sjølve fordelingsmekanismen i fiskeria, hadde undergrave måla i fiskeripolitikken om busetjing og sysselsetjing i kystsamfunna. Dei fleste kystsamfunna hadde til og med tapt på utviklinga, og verst hadde det ramma ungdomen, sjølve framtida. Kritikarane hadde fått rett.
I denne situasjonen mobiliserte heile sentrum–venstre for nødvendig reform av fiskeripolitikken. Svært mange lét seg overtale av lovnadene frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet om at no skulle fisken kome folket langs kysten til gode. Fiskeriminister Skjæran var sjølv ute og lova bot og betring. Den minste flåten skulle styrkjast. Halvanna år etter valet – kva har skjedd? Ingenting. Kvotesystemet er uendra, statsråden meiner vi må vente på ny kvotemelding før noko kan gjerast, og i mellomtida fortset systemet som ei maskin med øydeleggjande kraft, slik Riksrevisjonen beskreiv det.
Kan statsråden forklare Stortinget kvifor ingenting har skjedd?
Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.