Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1430 · 2022-2023

Eg tenkjer nok statsråden, til liks med meg Er ivrig på korleis det skal ryddast til veg Eit planprogram må difor først på bordet Og det kjem på plass med ein statsråd ved roret Som ikkje vil venta …

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 17. februar 2023. Svaret kom 23. februar 2023.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
17. februar 2023
Besvart
23. februar 2023

Spørsmål

Eg tenkjer nok statsråden, til liks med meg
Er ivrig på korleis det skal ryddast til veg
Eit planprogram må difor først på bordet
Og det kjem på plass med ein statsråd ved roret
Som ikkje vil venta til nyår blir vår,
Men ha fortgang i sakene han foreslår
Så difor vi trur, og tek han på ordet
At før våren er her, er programmet på bordet?

Begrunnelse

Vi viser til spørsmål 808, som omhandlar manglande godkjend planprogram for reguleringsplanen E39 Stord-Os, som statsråden svara mellom anna med føljande:
«eg tek sikte på at planprogrammet kan bli fastsett så tidleg som mogleg på nyåret».
På Stord er snøklokkene i ferd med å visne, og krokusen er på veg opp. For oss betyr det at nyåret etter kvart er i ferd med å gå over til vår, men enno kan ein kome i mål med statsråden sitt ønske dersom planprogrammet er like om hjørne. Vi imøteser ei oppdatering.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 23. februar 2023

Representanten Eskeland og eg har det same mål i denne saka,
vi skal arbeide raskt for at vi ei avgjerd kan taka.
Forslag til planprogram for statleg reguleringsplan fekk vi 1. desember,
men vi må gjere alt riktig, for dette er viktig at vi greier.
Så sjølv om vi no på Stord kan sjå både snøklokker og krokus,
er det gode grunnar til at vi på viktige vurderingar har fokus.
Nyåret har kome, med bod om ein ny og innhaldsrik vår,
eg er optimist med tanke på framdrifta som rår.
Vi skal som ansvarleg planstyresmakt sørgje for at jobben blir gjort,
men grundige må vi vere, sjølv om vi ynskjer det skal gå fort.
Eg ber difor representanten om at ho med litt tolmod let seg smøre,
for eg treng litt meir tid før det endelege vedtaket ligg føre.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.