Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1321 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren svare på om intensjonane til regjering var fyrst å gjere enkelte ferjestrekningar gratis, for så i neste omgang å kutte ned på ferjetilbodet på desse rutene?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 7. februar 2023. Svaret kom 16. februar 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
7. februar 2023
Besvart
16. februar 2023

Spørsmål

Kan samferdselsministeren svare på om intensjonane til regjering var fyrst å gjere enkelte ferjestrekningar gratis, for så i neste omgang å kutte ned på ferjetilbodet på desse rutene?

Begrunnelse

Ferjedrifta vert berre dyrare og dyrare for fylkeskommunane, etter at drivstoff og straumprisane har auka kraftig. Regjeringa har ikkje kompensert fylkeskommunane for denne kraftige prisveksten, noko som førte til at til dømes Møre og Romsdal fylkeskommune måtte kutte kraftig i ferjedrifta i budsjettet for 2023.
Ferjestrekningar som har blitt "gratis" har opplevd at ferjetilbodet blir kutta med bakgrunn i den skakkøyrde politikken som regjeringa fører på området.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 16. februar 2023

Stortinget har løyvd midlar til fylkeskommunane, som legg til rette for at fylkeskommunane kan innføra gratis ferjer i alle fylkeskommunale ferjesamband med under 100 000 passasjerar og dessutan til øyar og samfunn utan veg til fastlandet i samband med meir enn 100 000 reisande. Midlane vert fordelte over rammetilskottet til dei aktuelle fylkeskommunane etter ein nøkkel basert på tapte inntekter i den enkelte fylkeskommune ved å innføra ordninga. Midlar som vert fordelte gjennom inntektssystemet er frie midlar, det vil seia at det er midlar som fylkeskommunane kan disponera fritt. Det er altså fylkeskommunane som avgjer om det skal innførast gratis ferjer i fylkeskommunale ferjesamband, og må gjera vedtak om det.
Den økonomisk situasjonen har endra seg frå då budsjettet for 2023 vart lagt fram i fjor haust. Oppdaterte overslag viser høgre løns- og prisvekst enn det som er lagt til grunn for budsjettet. Regjeringa har derfor varsla at det ved revisjonen av statsbudsjettet i mai vil verta sett fram forslag om pris- og lønsjustering. I den samanhengen vil det og verta gjort ei samla vurdering av økonomien i kommunesektoren.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.