Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1209 · 2022-2023

Meiner statsråden etter at høyringa av KU for utvinning av havbotnmineraler er ute, at kunnskapsgrunnlaget er godt nok for å opne for leiting og utvinning av havbotnmineraler?

Birgit Oline Kjerstad (SV) stilte spørsmålet til olje- og energiministeren, Terje Aasland, 1. februar 2023. Svaret kom 8. februar 2023.

Til
Olje- og energiministeren · Terje Aasland
Datert
1. februar 2023
Besvart
8. februar 2023

Spørsmål

Meiner statsråden etter at høyringa av KU for utvinning av havbotnmineraler er ute, at kunnskapsgrunnlaget er godt nok for å opne for leiting og utvinning av havbotnmineraler?

Begrunnelse

Høyringsfristen for KU for konsekvensutredning - undersøkelse og utvinning av havbunnsmineraler på norsk kontinentalsokkel er ute, og det har kome inn ei rekke høyringssvar frå tunge faginstitusjonar som er kritiske til om konskvensutgreiinga er god nok til å fatte vedtak på grunnlag av. Miljødirektoratet seier det rett ut at dei meiner konsekvensutgreiinga ikkje oppfyller krava i havbunnsminerallove § 2-2. NGU kritiserer konsekvensutgreiinga for å vere ubalansert og for lite faktabasert og Polarinstituttet peiker på store kunnskapsmanglar, grunndata status og tilstand for økosystem og artar, ukjent kunnskap om samla virkning , og anbefaler ei føre var tilnærming i tråd med Havpanelet sin uavhengige rapport tilrådde i 2020.

Svar

Olje- og energiministeren Terje Aasland, 8. februar 2023

Opningsprosessen for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel har gått føre seg i nærare tre år. Det har vore ein grundig prosess og formålet har vore å få fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag som skal klargjera opningsspørsmålet. For utarbeiding av faggrunnlaget som inngår i konsekvensutgreiinga har relevante statlege etatar, slik som Havforskingsinstituttet, Polarinstituttet, Kystverket og Fiskeridirektoratet og leiande kunnskapsmiljø i Noreg utarbeidd grunnlagsrapportar og verknadsstudiar om ei rekkje tema som er relevante for vurdering av opning.
Konsekvensutgreiinga og utkast til avgjerd om opning av område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd har vore på tre månaders offentleg høyring. Det er viktig med brei involvering slik at interessentar kan komma med kommentarane sine, men det er også viktig som ei kvalitetssikring av faggrunnlaget. Vi er no i gang med å gå gjennom høyringsinnspela og vil vurdera innhaldet i desse.  
Regjeringa tek sikte på å legge fram ei melding til Stortinget om opning av område på norsk kontinentalsokkel for mineralverksemd våren 2023.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.