Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 1202 · 2022-2023

I 2015 vart det gjort endringar nettoføringsordninga for meirverdiavgift i nokre statsetatar. Dette medførte at m.a. Statens vegvesen etter dette kalkulerer alle prosjekta sine med full meirverdiavgift. Er det same gjorde gjeldande for jernbaneprosjekt, flyplassprosjekt etc.?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 31. januar 2023. Svaret kom 6. februar 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
31. januar 2023
Besvart
6. februar 2023

Spørsmål

I 2015 vart det gjort endringar nettoføringsordninga for meirverdiavgift i nokre statsetatar. Dette medførte at m.a. Statens vegvesen etter dette kalkulerer alle prosjekta sine med full meirverdiavgift.
Er det same gjorde gjeldande for jernbaneprosjekt, flyplassprosjekt etc.?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 6. februar 2023

Nettoføringsordninga for meirverdiavgift blei innført frå 1. januar 2015. Med nokre unntak gjeld ordninga for alle ordinære statlege forvaltningsorgan. To av dei ordinære statlege forvaltningsorgana som ikkje blei omfatta av ordninga, var Statens vegvesen og dåverande Jernbaneverket. Grunngjevinga for Statens vegvesen var at etaten har fast eigedom som er unnateke frå meirverdiavgift. Da nettoføringsordninga blei innført, var Jernbaneverket alt fullt ut meirverdiavgiftspliktig, dvs. fekk frådragsført all meirverdiavgift. Dette omfatta òg jernbaneprosjekta.
Ved jernbanereforma fekk Bane NOR SF ansvaret for bygginga av jernbaneprosjekt. Som statsføretak er ikkje Bane NOR omfatta av nettoføringsordninga for meirverdiavgift, men er meirverdiavgiftspliktig.
Avinor AS som har ansvaret for bygging av flyplassprosjekt, er som aksjeselskap heller ikkje omfatta av nettoføringsordninga for meirverdiavgift, men er meirverdiavgiftspliktig.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.