Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 947 · 2022-2023

Korleis vert kostnadene staten har til ferjedrift fordelt på riksvegferjesambanda i Noreg, og korleis har fordelinga på dei enkelte riksvegsambanda endra seg etter at staten har teke større del av kostnaden?

Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 11. januar 2023. Svaret kom 19. januar 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
11. januar 2023
Besvart
19. januar 2023

Spørsmål

Korleis vert kostnadene staten har til ferjedrift fordelt på riksvegferjesambanda i Noreg, og korleis har fordelinga på dei enkelte riksvegsambanda endra seg etter at staten har teke større del av kostnaden?

Begrunnelse

I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd 2,3 mrd. til drift av riksvegferjer. Dei seinare åra har fordelinga av kostnader for ferjedrift endra seg mellom staten og betalinga trafikantane har for overfarten. Dette som følgje av endringar i riksvegferjetaksregulativet og ein politikk for gratis ferjer til øysamfunn der innbyggjarane ikkje har fast vegsamband til fastlandet (der dette gjeld riksvegsamband). Dette er politiske og økonomiske grep som truleg vil endre etterspurnad til ferjetransport, og vil derfor truleg påverke tilbodssida og resultere i behov for auka frekvens, meir materiell og dermed ytterlegare kostnader. Det er derfor av interesse å avdekkje korleis den nye politikken har påverka dette allereie no, og kva prognosane er for framtidige behov.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 19. januar 2023

I statsbudsjettet blir bruttobudsjettering nytta for riksvegferjedrifta. Dette inneber at utgifter og inntekter blir budsjetterte kvar for seg. Utgiftene til staten blir budsjetterte på kap. 1320, post 72, medan trafikkinntekter som staten har inntektsrisikoen for blir budsjetterte på kap. 4320, post 04. I tabellen under er netto kostnad for staten i 2022 lagt inn for det enkelte sambandet/kontrakt. Beløp er i mill. kr.
E39 Anda-Lote 68
Rv. 85 Bognes-Lødingen og rv. 80 Bodø-Røst-Værøy-Moskenes 338
E6 Bognes-Skarberget og rv. 827 Drag-Kjøpsvik 139
E39 Halhjem-Sandvikvåg 326
E39 Halsa-Kanestraum 66
Rv. 13 Hjelmeland-Nesvik-Skipavik 97
Rv. 5 Mannheller-Fodnes og rv. 13/rv. 55 Vangsnes-Hella-Dragsvik 140
E39 Lavik-Oppedal 113
E39 Molde-Vestnes 76
E39 Mortavika-Arsvågen 491
Rv. 651 Volda-Folkestad og E39 Festøya-Solavågen 107
Rv. 19 Moss-Horten 0
Sum netto kostnad (utgifter på kap. 1320, post 72, minus inntekter på kap. 4320, post 04) 1 961

Ferjesambandet rv. 19 Moss-Horten er halde utanom takstreduksjonane som er innførte. På resterande 15 riksvegferjesamband var takstnivået (ekskl. mva) 33,75 pst. lågare i 2022 enn per januar 2021. Frå juli 2022 vart det også gjort gratis å reise til/frå øyane Ombo (Skipavik), Røst og Værøy på riksvegferjesambanda rv. 13 Hjelmeland-Nesvik-Skipavik og rv. 80 Bodø-Røst-Værøy-Moskenes. Statens vegvesen har berekna at billettinntektene på desse 15 sambanda ville vore i underkant av 500 mill. kr høgare i 2022 om takstnivået hadde vore tilsvarande som i januar 2021, og om det ikkje vart gjort gratis å reise til/frå nemnde øyar.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.