Skriftlig spørsmål nr. 900 · 2022-2023
Viser til rapporten om U-864, og kan statsråden gjera greie for korleis den vidare handsaminga av rapporten sine konklusjonar vert handtert, kven som skal handsame høyringsinnspela og kva tidsplan det vert lagt opp til og korleis den endelege politiske handsaminga vert?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 6. januar 2023. Svaret kom 13. januar 2023.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 6. januar 2023
- Besvart
- 13. januar 2023
Spørsmål
Viser til rapporten om U-864, og kan statsråden gjera greie for korleis den vidare handsaminga av rapporten sine konklusjonar vert handtert, kven som skal handsame høyringsinnspela og kva tidsplan det vert lagt opp til og korleis den endelege politiske handsaminga vert?
Begrunnelse
Statsråden mottok i september rapport om U-864, også omtala som ubåten på Fedje. Rapporten kom med anbefaling for vidare handsaming av ubåtvraket. Rapporten er no ute på høyring, med høyringsfrist i januar. Vi ber statsråden gjera greie for den vidare handsaminga av både høyringsinnspel, konklusjon, plan for framdrift, politisk handsaming og budsjettvedtak.
Svar
Fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran, 13. januar 2023
Som representanten skriv, tok eg i september 2022 imot rapporten frå ekspertutvalet som har vurdert vidare handsaming av ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga av sjøbotnen rundt vraket. Rapporten er no ute på høyring, og frist for å kome med svar på høyringa er 27. januar.
Etter at vi har motteke høyringssvara, vil Nærings- og fiskeridepartementet som ansvarleg departement handsame høyringsinnspela. Regjeringa vil deretter ta stilling til val av tiltak, kostnadsramme og framdrift for arbeidet. Stortinget vil bli orientert på eigna måte, og forslag til løyvingar vil bli fremja i dei ordinære budsjettprosessane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.