Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 3 · 2022-2023

Næringsministeren kan kome tilbake «i leia her» nok ein gong. Eg ønskjer godt nyttår. SV har i mange år kjempa for å gjere noko med konsentrasjonen av makt i daglegvaremarknaden, og i vår fekk vi …

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) stilte spørsmålet til næringsministeren, Jan Christian Vestre, 4. januar 2023.

Til
Næringsministeren · Jan Christian Vestre
Datert
4. januar 2023
Besvart
4. januar 2023

Næringsliv · Varehandel · Finanser · Priser og konkurranseforhold

Spørsmål

Næringsministeren kan kome tilbake «i leia her» nok ein gong. Eg ønskjer godt nyttår.

SV har i mange år kjempa for å gjere noko med konsentrasjonen av makt i daglegvaremarknaden, og i vår fekk vi viktige gjennomslag, saman med det som viser seg å bli eit breitt fleirtal på Stortinget, for tiltak for å hindre konsentrasjon, spreie makt, få meir rettferdig konkurranse, meir openheit osv. – tiltak som regjeringa jobbar med. Dette er saker som først får effekt på litt lengre sikt. Situasjonen vi står i no, er at 2022 var eit elendig år for norske hushald, og det var dessverre sterkt drive fram av utviklinga i daglegvaremarknaden. I fjor auka daglegvareprisane med 12,7 pst., og 1. februar blir forhandlingane om nye prisar avslutta. Da forventar aktørane ein auke på ytterlegare 10 pst.

Det vi ser, er at prisane aukar mykje meir for varer som norske bønder produserer – og vi veit at dette er avtalebaserte prisar. Her har ein framforhandla prisar for det bøndene produserer, men likevel aukar dei mykje meir, og vi ser ein prisauke som er mykje høgare enn i andre bransjar. Det vi ser, er på mange måtar ein urimeleg prisauke.

Vi har verktøy i dette landet for å forhindre urimeleg prisauke. I lov om pristiltak står det at det er «forbudt å ta, kreve eller avtale priser som er urimelige.»

Mitt spørsmål til næringsministeren er rett og slett: Viss vi no etter 1. februar ser at ein aukar prisane på ein urimeleg måte, kva vil regjeringa gjere?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.