Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 793 · 2022-2023

Mange enslige forsørgere er usikre på hvordan den samlede endringen i budsjettforliket slår ut, med omlegging fra dagens særfradrag til økt barnetrygd, inkludert de ekstra 5 000 kronene som følger av …

Audun Lysbakken (SV) stilte spørsmålet til barne- og familieministeren, Kjersti Toppe, 20. desember 2022. Svaret kom 4. januar 2023.

Til
Barne- og familieministeren · Kjersti Toppe
Datert
20. desember 2022
Besvart
4. januar 2023

Spørsmål

Mange enslige forsørgere er usikre på hvordan den samlede endringen i budsjettforliket slår ut, med omlegging fra dagens særfradrag til økt barnetrygd, inkludert de ekstra 5 000 kronene som følger av budsjettforliket.
Kan statsråden beregne hvordan endringene helhetlig slår ut for en enkelt enslig forsørger, med ett eksempel der den enslige har for lav inntekt til å utnytte særfradraget og ett eksempel der den enslige forsørgeren har hatt full effekt av særfradraget, sammenlignet med dagens ordning?

Svar

Barne- og familieministeren Kjersti Toppe, 4. januar 2023

Eg er nøgd med at forliket mellom regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti (SV) om statsbudsjett for 2023 inneheld ein auke i utvida barnetrygd til einslege forsørgjarar, og eg merkar meg at fleirtalet i Familie- og kulturkomiteen i Innst. 14 S (2022-2023) grunngjev auken med at einslege forsørgjarar er særleg vanskeleg stilt i dagens økonomiske situasjon. Ein auke av den utvida barnetrygda for einslege forsørgjarar vil være ein naudsynt handsrekning i ei tid med historisk høg prisstigning.
Utvida barnetrygd aukar frå 1 054 kroner til 2 489 kroner per månad. Endringa kjem som fylgje av regjeringa sitt forslag i Prop. 1 S om å avvikle særfrådrag for einslege og auke utvida barnetrygd, samt nemnde budsjettforlik, der alle satsane i barnetrygda aukar med venta prisvekst, og utvida barnetrygd får eit tillegg på 5 000 kroner i året. I løpet av eitt år vil endringane til saman gi 17 220 kroner meir i utvida barnetrygd (heilårsverknad). Endringa skal gjelde frå 1. mars 2023, og effekten for den einskilde vil difor vere 14 350 kroner neste år.
Avviklinga av særfrådraget inneber at ein skatteytar med fullt frådrag mister støtte tilsvarande 11 545 kroner i året. Avviklinga skal gjennomførast frå 1. mars 2023, så effekten vil difor vere 9 620 kroner neste år. Eg vil for ordens skuld påpeike at det er finansministeren som har ansvaret for skattesystemet.
Ser ein auken i utvida barnetrygd og avviklinga av særfrådraget under eitt, slik representanten ber om, vil ein person med fullt frådrag få 4 730 kroner meir i offentleg støtte i 2023 og 5 675 kroner i 2024. Årsaka er utvida barnetrygd aukar med meir enn maksimal skatteverdi av særfrådraget.
Om lag 144 850 personar var registrert med særfrådrag i skattemeldinga for 2020, og om lag 7 500 av desse hadde for låg inntekt til å oppnå full verdi av særfrådraget. Avviklinga av særfrådraget og auken i utvida barnetrygd gjer at støtta til einslege forsørgjarar når fram til alle. Dei med lågast inntekt, og einslege forsørgjarar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms som i dag ikkje får fullt skattefrådrag, vil samla få ei auke i årleg disponibel inntekt på opptil 17 220 kroner.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Audun Lysbakken →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.