Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 828 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over kva Statens vegvesen region midt har forbrukt i 2022 pr. dato på prosjektet Møreaksen og vise til kva løyving/post i statsbudsjettet som dette er finansiert i frå?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 19. desember 2022. Svaret kom 9. januar 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
19. desember 2022
Besvart
9. januar 2023

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt over kva Statens vegvesen region midt har forbrukt i 2022 pr. dato på prosjektet Møreaksen og vise til kva løyving/post i statsbudsjettet som dette er finansiert i frå?

Begrunnelse

Statens vegvesen region midt har på prosjektet Møreaksen i lengre tid brukt mykje midlar til planlegging. Prosjektet er overhodet ikkje priritert til oppstart, og ligg langt bak i køa for store samferdselsprosjekt her i landet. Få forstår korleis Statens vegvesen klarer å finansiere sin planlegging, av eit prosjekt som sannsynlegvis er milevis frå realistisk oppstart på mange tiår fram i tid.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 9. januar 2023

Statens vegvesen planlegg E39 Ålesund-Molde i tråd med prioriteringane i Nasjonal transportplan 2022-2033, jf. Innst. 653 S (2020-2021) og Meld. St. 20 (2020-2021). I 2022 vart det gjort arbeid med planlegging og optimalisering på heile strekninga.
I 2022 er det brukt om lag 100 millionar 2022-kroner til planlegging, optimalisering og grunnerverv for E39 Ålesund-Molde. Midlane er brukt på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveiinvesteringer, underpost 01 Porteføljen. Eg viser til svar på spørsmål 89 (2022-2023) frå representanten Sve for ei meir detaljert oversikt over aktivitetar som er utført i 2022.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.