Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 775 · 2022-2023

Kva kan gjerast for å hindre at vogntog køyrer i venstre fil på motorveger i 90, 100 og 110-soner, som skaper lange køer og mange farlige situasjoner?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 19. desember 2022. Svaret kom 3. januar 2023.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
19. desember 2022
Besvart
3. januar 2023

Spørsmål

Kva kan gjerast for å hindre at vogntog køyrer i venstre fil på motorveger i 90, 100 og 110-soner, som skaper lange køer og mange farlige situasjoner?

Begrunnelse

I lengre tid har eg observert mange farlige situasjoner ved at vogntog køyrer i venstre fil på motorveger med 100 og 110-sone.
Av ein eller anna grunn skal enkelte vogntog køyre i venstre fil, med forbikøyring av andre vogntog som skaper svært lange køer. Dette skaper også mange farlige situasjoner.
Trafikken flyter fint når vogntog forholder seg i filene dei faktisk skal ligge i med fartssperra på sine vogntog. Ingen av desse klarer å holde fartsgrensa i verken 90, 100 eller 110-soner.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 3. januar 2023

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet gjorde Statens vegvesen i 2018 ei vurdering av enkelte tema knytt til fartsforskjellar mellom ulike køyretøy på motorveg og motortrafikkveg. Eitt av temaa som vart vurderte, var forbod mot tunge køyretøy i venstre felt.
Statens vegvesen kom då til at det ikkje var føremålstenleg å innføre eit absolutt forbod mot tunge køyretøy i venstre felt på motorveg og motortrafikkveg. Eit slikt forbod vil mellom anna kunne hindre tunge køyretøy i å køyre forbi saktegåande køyretøy i høgre felt over lange avstandar. Vegvesenet tilrådde i staden at eventuelle problemstrekningar blir skilta med forbod, noko som kan vere aktuelt til dømes i tunnelar. Aktuelle forbodsskilt kan vere 335 «Forbikjøringsforbud for lastebil» og skilt 306.5 «Forbudt for lastebil og trekkbil». Departementet slutta seg til tilrådinga. Statens vegvesen har ikkje endra oppfatning i etterkant.
Eg meiner òg at løysinga som vart tilrådt i 2018 er mest føremålstenleg. Eg vil samstundes peike på at kravet til aktsemd i vegtrafikkloven § 3 gjer det ulovleg å hindre trafikken unødig, til dømes ved å køyre i for låg fart sett opp mot gjeldande fartsgrense og trafikkforholda elles, slik at det oppstår kø.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.