Skriftlig spørsmål nr. 743 · 2022-2023
Kan statsråden svara på om det er andre postar som kan nyttast til dette viktige satsinga med fokus på historia om starten på utvikling av demokratiet Noreg?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kultur- og likestillingsministeren, Anette Trettebergstuen, 16. desember 2022. Svaret kom 22. desember 2022.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Kultur- og likestillingsministeren · Anette Trettebergstuen
- Datert
- 16. desember 2022
- Besvart
- 22. desember 2022
Spørsmål
Kan statsråden svara på om det er andre postar som kan nyttast til dette viktige satsinga med fokus på historia om starten på utvikling av demokratiet Noreg?
Begrunnelse
I november i 2021 stilte eg spørsmål til statsråd Trettebergstuen om markering av Kristenretten som vart sett på Moster i Vestland i 1024. Dette skal markerast, og staten har bidratt med midlar til markeringa med tilskot til Moster 2024.
Eg etterspurte midlar til bygningsressursar til å ha markeringa i. Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter er staden som skal ta arven etter markeringa. Dei treng ny lokale for å ha rom til utstilling og formidling av arven etter riksjubileet. Arven er formidling og drøfting på lovverk og samfunn og korleis ein kan forma framtida. Demokratiet er under press, og dette vert ei svært aktuell og viktig rom for drøfting og formidling ut mot born og unge. I svaret sa blant anna statsråden at Moster Amfi ikkje hadde send søknad om midlar.
Dei har no søkt om midlar gjennom ordninga Nasjonale Kulturbygg. Det er ikkje sett av midlar til kulturbygg på statsbudsjettet for 2023. Dette gjer utfordringar for tilrettelegging for jubileet, sidan det no ikkje er mogleg å få midlar til utbygging og utstilling før i 2024.
Kan og nemna at Vestland fylkeskommune og Bømlo kommune har løyvd kr. 8 mill. til prosjektet.
Svar
Kultur- og likestillingsministeren Anette Trettebergstuen, 22. desember 2022
Eg sluttar meg til vurderinga frå spørsmålsstiller av at det er aktuelt og viktig å ha eigna rom for å drøfta og formidla prinsippa og historia knytt til utviklinga av demokratiet, ikkje minst andsynes born og unge.
Kultur- og likestillingsdepartementet forvaltar ei ordning for oppgradering av eksisterande, og oppføring av nye kulturarenaer, på kap. 322/70 Nasjonale kulturbygg. Dette er den einaste aktuelle posten på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett for denne typen investeringar. Til denne posten kom det inn 40 søknadar til 2023-budsjettet, inkludert ein søknad frå Moster Amfi. Mange av desse er gode prosjekt. Regjeringa fann i lys av den økonomiske situasjonen ikkje rom for å setje i gang nye byggeprosjekt i budsjettframlegget for 2023.
Det er positivt at fylke og kommune bidreg til prosjektet. Eg minner samstundes om at hovudregelen for statleg medverknad over denne posten er inntil 1/3 av totalbudsjettet. Moster Amfi har søkt om halvparten av totalprosjektet på 49,9 mill. kroner, altså 25 mill. kroner frå staten.
Om trenden frå dei seinaste åra held fram, forventar eg ein auke av søkjarar til 2024-budsjettet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.