Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 754 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over kostnadsauken i Møreaksenprosjektet med bakgrunn i at Kjerringsundet no ikkje let seg realisere eller finansiere, og at trafikkgrunnlaget også vil gå ned på Møreaksenprosjektet?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 15. desember 2022. Svaret kom 22. desember 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
15. desember 2022
Besvart
22. desember 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over kostnadsauken i Møreaksenprosjektet med bakgrunn i at Kjerringsundet no ikkje let seg realisere eller finansiere, og at trafikkgrunnlaget også vil gå ned på Møreaksenprosjektet?

Begrunnelse

I eit spørsmål til finansministeren ang finansiering av FV-prosjektet Kjerringsundet som er tenkt bygd i samanheng med Møreaksen, vart det gjeve eit svar som konkluderar med at dette fylkesvegprosjektet ikkje er finansierbart.
Det vart gjeve tilbakemelding om at Aukra kommune ikkje har anledning til å finansiere 2 milliard kr over 20 år med framtidig eigedomskatt, såleis er dette prosjektet urealiserbart og vil ikkje kunne være sjølvfinansierande slik fylket krev. I prosjektet Møreaksen forstår eg det slik at det er tenkt brukt massa frå tunelldriving til prosjektet Kjerringsundet, og at dette no ikkje lar seg realisere. Såleis vil kostnadane for Møreaksen ytterlegare auke betydeleg, då det må utarbeidast andre alternativ for deponi, eller køyre massa til fastlandet. Takstane for køyring over Møreaksen vil sjølvsagt også måtte justerast, då det ikkje blir trafikk over eit slikt samband frå Aukra.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 22. desember 2022

Ny E39 Vik-Molde er første byggesteg av E39 Ålesund-Molde. Prosjektet går frå Vik i Vestnes kommune til Bolsønes i Molde kommune og gir ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden. Det gir også ferjefri veg til Otrøya i Molde kommune. Vidare legg ny E39 til rette for ferjefri veg til øya Gossen i Aukra kommune gjennom prosjektet fv. 662 Kjerringsundet.
Finansieringsopplegget for E39 Vik-Molde har vore til lokalpolitisk handsaming i aktuelle kommunar og i Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er no ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet (KS2), i tråd med staten sin prosjektmodell. Konsulentane vil vurdere både kostnadane og finansieringa av prosjektet.
Kostnadane som Statens vegvesen har lagt til grunn for E39 Vik-Molde i den lokalpolitiske handsaminga, er berekna utan at fv. 662 Kjerringsundet blir bygd. Om fv. 662 Kjerringsundet blir bygd, kan steinmassane frå E39-prosjektet bli nytta på ein god og samfunnsnyttig måte, og kostnadane for E39 Vik-Molde kan bli lågare.
Også for bompengeinntektene har Statens vegvesen rekna trafikk på E39 Vik-Molde utan at fv. 662 Kjerringsundet blir bygd. Om Kjerringsundet blir bygd, vil det gi høgre trafikk og bompengeinntekter for E39 Vik-Molde.
Ei utbygging av fv. 662 vil slik kunne redusere kostnadane og auke bominntektene for E39 Vik-Molde.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.