Skriftlig spørsmål nr. 720 · 2022-2023
Kan samferdselsministeren bekrefte, at når utvida garanti for finansiering/bompengar for Nordøyvegen er oversendt til departementet frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, så brukar departementet og statsråden minst mulig tid på å "snu denne i døra" slik at bompengesatsane raskt kan settast ned?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 14. desember 2022. Svaret kom 2. januar 2023.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 14. desember 2022
- Besvart
- 2. januar 2023
Spørsmål
Kan samferdselsministeren bekrefte, at når utvida garanti for finansiering/bompengar for Nordøyvegen er oversendt til departementet frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, så brukar departementet og statsråden minst mulig tid på å "snu denne i døra" slik at bompengesatsane raskt kan settast ned?
Begrunnelse
Samferdselsministeren har ved fleire anledninger svart ut spørsmålet kva som skal til for å kunne sette ned bompengetakstane på Nordøyvegen.
No har fylkestinget samrøystes vedteke å sette ned bompengetakstane til nivået for Prop 140S, så raskt som råd før 1/3-2023.
Fylkestinget har også gjeve fullmakt til fylkesutvalget om å gjennomføre og stille tilleggsgaranti overfor Vegamot med bakgrunn i fylkestingsvedtaket.
Vi har forstått det slik at etter at ein utvida garanti frå fylkeskommunen til Vegamot er på plass, skal denne innom ein meget "snarvisitt" til departementet. Det burde ikkje være behov for å bruke meir enn 1 dag på dette i departementet, då statsråden sjølv har uttrykt at dette er eit fylkeskommunalt ansvar og ei fylkeskommunal sak.
Prosjektet og finansieringa av Nordøyvegen er eit 100 % fylkeskommunalt prosjekt, og eg reknar med at samferdselsministeren vidarefører dette prinsippet og står bak sine tidligare svar i saka.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 2. januar 2023
Eg er kjent med at det frå lokalt hald vurderast moglegheiter for å redusere bompengetakstane. Fylkeskommunen er i dialog med departementet om saka.
Det er Prop. 93 S (2021-2022) og Stortingets vedtak som gjeld for fv. 659 Nordøyvegen og som fylkeskommunen må leggje til grunn for saksbehandlinga si.
Ein eventuelt ny garanti må leggjast fram for Kommunal- og distriktsdepartementet for ny godkjenning då føresetnadene for den allereie godkjente garantien blir endra.
Dersom det er ønskeleg frå fylkeskommunens side å yte eit særskilt tilskot, eller stille ein særskilt garanti, må dette skje i samråd med bompengeselskapet Vegamot. Vi viser og til svar gitt på liknande spørsmål om fv. 659 Nordøyvegen frå representantane Sve og Sande.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.