Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 677 · 2022-2023

Kan statsråden gi ei oversikt over studieprogram/masterprogram som i dag har over 20 % utenlandsstudentar frå land utanfor EU/EØS ved norske universitet og høgskular, og har departementet henta inn …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til forsknings- og høyere utdanningsministeren, Ola Borten Moe, 9. desember 2022. Svaret kom 21. desember 2022.

Til
Forsknings- og høyere utdanningsministeren · Ola Borten Moe
Datert
9. desember 2022
Besvart
21. desember 2022

Spørsmål

Kan statsråden gi ei oversikt over studieprogram/masterprogram som i dag har over 20 % utenlandsstudentar frå land utanfor EU/EØS ved norske universitet og høgskular, og har departementet henta inn vurderingar frå institusjonane på kva følger innføring av studieavgift kan få for desse programma frå og med hausten 2023?

Begrunnelse

Regjeringa har foreslått å endre universitets- og høgskulelova og opne for innføring av studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits, med verknad frå hausten 2023. Forslaget inneber ei prinsipiell endring knytt til gratisprinsippet som til no har vore gjeldande i norsk høgare utdanning, og er etter Venstres syn sterkt uheldig i ei tid kor det er viktigare enn nokon sinne å sikre internasjonal mobilitet og samarbeid mellom Noreg og land også utanfor EØS/EU-området.
Eg er kjend med at mange universitet og høgskular har reagert sterkt på forslaget, og peikt på at det kan få alvorlege følgjer for spesifikke studieprogram med mange internasjonale studentar.

Svar

Forsknings- og høyere utdanningsministeren Ola Borten Moe, 21. desember 2022

Noreg er eit populært studieland for utanlandske studentar, og det ynskjer eg at det framleis skal vere.
Eg har tolka spørsmålet frå representant Bjørlo til å omhandle studentar frå land utanfor EU/EØS-området på masterprogram ved norske universitet og høgskular, og ikkje på alle studieprogram. Eg har av omsyn til personvern også avgrensa svaret til å omhandle masterprogram med meir enn 10 studentar. Tal frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), viser at det er 943 masterprogram i Noreg med meir enn 10 studentar. På 190 av masterprogramma er det registrert meir enn 20 prosent studentar frå land utanfor EU/EØS. Studentane er registrerte på masterprogram innanfor eit bredt spekter av fagområde, og på ei lang rekke universitet og høgskular over heile landet.
Tala er henta frå database for statistikk i høgare utdanning, DBH. Tala er baserte på studentanes statsborgarskap, og vil kunne innehalde personar med utanlandsk statsborgarskap som har oppheldt seg i Noreg over lengre tid, og ikkje berre dei som er i Noreg for å studere.
Forslaget om å innføre studieavgift for studentar frå utanfor EØS-området og Sveits, har vore på høyring, og høyringsfristen var 7. desember. I høyringa har mellom anna institusjonane fått høve til å komme med sine vurderingar av kva følger innføring av studieavgift kan få. Eg vil no gå gjennom alle høyringssvara før vi fastset den endelege innretninga på ordninga.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.