Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 2 · 2022-2023

Spørsmålet mitt går til kommunalministeren – for det er ikkje berre her i huset ein held på med budsjettarbeid om dagen, det gjer ein òg rundt i norske kommunar. I dei åtte åra me har lagt bak oss, …

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 23. november 2022.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
23. november 2022
Besvart
23. november 2022

Lokalforvaltning · Kommunenes økonomi · Kommuner

Spørsmål

Spørsmålet mitt går til kommunalministeren – for det er ikkje berre her i huset ein held på med budsjettarbeid om dagen, det gjer ein òg rundt i norske kommunar.

I dei åtte åra me har lagt bak oss, har situasjonen vore som følgjer: at stortingsfleirtalet, som Framstegspartiet har vore ein del av, har styrkt kommuneøkonomien med meir pengar år for år. I tillegg har næringslivet hatt gode rammevilkår, og dei har sørgt for gode tider og gode skatteinntekter. Då meinte kommunalministeren og partiet hans at meir pengar til kommunane var «magert».

Det var faktisk sånn dei siste åtte åra at ute i kommunane syntest folk det var greitt, men i oslobobla, i arbeidarparti- og senterpartikretsar, syntest ein det var tynt og magert. No er det motsett; no er det sånn at alle i Kommune-Noreg føler at det er tynt og magert, mens i regjeringskvartalet, blant statsrådane til Arbeidarpartiet og Senterpartiet, synest ein at dette er bra.

Til NRK seier Håvard Moe i KS:

Bakgrunnen for det er at norske kommunar no opplever at tilskot frå Husbanken til omsorgsbustader for utviklingshemma blir sette på vent. Havbruksfondet får tilført mindre pengar, og det blir mindre overskot derifrå til norske kommunar. Straumen blir dyrare for norske kommunar utan tilstrekkeleg straumstøtte. Løns- og prisveksten blir høgare. Det er framleis usikkerheit om koronakompensasjonen for inneverande år, sjølv om me er komne langt ut i november. I tillegg vil utbytet frå kraftselskapa til norske kommunar bli mindre, fordi regjeringa forsyner seg av det, sånn at kommunebudsjetta blir magrare neste år.

Spørsmålet mitt er difor: Kva vil kommunalministeren seia til alle rundt i Noreg som held på med å få kommunebudsjetta til å gå i hop, som no er skuffa over regjeringa?

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.