Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 571 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren oppdatere kva status er på prosjektet nytt Veibustkryss på E-39 i Sula Kommune i Møre og Romsdal?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 30. november 2022. Svaret kom 5. desember 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
30. november 2022
Besvart
5. desember 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren oppdatere kva status er på prosjektet nytt Veibustkryss på E-39 i Sula Kommune i Møre og Romsdal?

Begrunnelse

Veibustkrysset i E-39 i Møre og Romsdal, er eit av dei mest ulykkesutsatte vegområda i Møre og Romsdal.
I mange år har Statens vegvesen arbeidd med muligheita for å kunne utbetre dette krysset, slik at ein unngår ulykker og at spesielt næringstrafikken klarer å kome seg inn på E-39 på ein forsvarleg måte.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 5. desember 2022

E39 Veibustkrysset i Sula kommune sør for Ålesund har høg og aukande trafikk. Dette gjer det utfordrande å ha tilstrekkeleg trafikktryggleik med dagens løysing. Det gjer det også utfordrande å sikre god framkomst for næringslivet sine transportar. Dagens kryssløysing hindrar vidare utvikling av industriområdet på Veibust.
Det vart i statsbudsjettet for 2021, jf. Innst. 13 S (2020-2021), løyva 5 mill. kr til planlegging av krysset. Statens vegvesen held, saman med Sula kommune, no på å utarbeide reguleringsplan for krysset. Planforslaget er lagt ut på offentleg ettersyn. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt innsigelse til planforslaget. Det pågår mekling mellom Sula kommune som tiltakshavar og Statsforvaltaren for å finne gode løysingar for handtering av utfordring med støy.
Statens vegvesen har i sin gjennomføringsplan 2022-2027 prioritert midlar til utbetring av krysset. Gjennomføringsplanen vert revidert kvart år. Tidspunkt for oppstart av prosjektet vil bli avklart gjennom denne rulleringa og dei årlege statsbudsjetta.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.