Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 405 · 2022-2023

Kva gjer justisministeren for å trygga norskiranarar og sikra ytringsfridommen deira?

Andreas Sjalg Unneland (SV) stilte spørsmålet til justis- og beredskapsministeren, Emilie Mehl, 15. november 2022. Svaret kom 21. november 2022.

Til
Justis- og beredskapsministeren · Emilie Mehl
Datert
15. november 2022
Besvart
21. november 2022

Spørsmål

Kva gjer justisministeren for å trygga norskiranarar og sikra ytringsfridommen deira?

Begrunnelse

Gjentekne gonger rapporterer norskiranarar om kjensla av å bli overvaka av representantar for iranske styresmakter i Noreg. Frykta for represaliar mot seg sjølv eller familiemedlemmer som bur i Iran gjer at mange kvir seg for å delta i møte og demonstrasjonar eller ytra seg på sosiale og redaksjonelle medium. Slik vert iransk etterretning ein trussel mot ytringsfridomen til norske statsborgarar med iransk opphav.

Svar

Justis- og beredskapsministeren Emilie Mehl, 21. november 2022

Alle som bur i Noreg skal vere trygge. Det er ei hovudprioritering for regjeringa at folk i Noreg skal kunne kjenne seg trygge i kvardagen sin, uavhengig av kven dei er eller kvar dei bur. Trugsmål mot norske innbyggjarar frå representantar for framande statar er noko eg ser svært alvorleg på. Fleire departement jobbar saman for å førebyggje og motverke ulike former for ulovleg press og forsøk på kontroll frå framande statar mot norske innbyggjarar. Både Politiets tryggingsteneste og politiet elles søkjer å førebyggje og etterforske lovbrot som folk i Noreg vert utsette for.
Ytringsfridom er ein heilt grunnleggjande rett og verdi i Noreg. Det er svært viktig at det er mogleg for dei som ynskjer det, å delta i det offentlege rommet og det offentlege ordskiftet utan frykt for vald eller trugsmål. Dette gjeld sjølvsagt alle som bur i Noreg. Ved samankomstar og demonstrasjonar syt politiet for å sikre ro, orden og tryggleik.
For at Politiets tryggingsteneste og politiet elles skal kunne gjere jobben sin er det viktig at dei som opplever at dei vert overvaka eller pressa av framande statar i Noreg, melder frå til politiet. Eg oppmodar difor dei som kjenner seg utsett for slik aktivitet, til å melde frå.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Andreas Sjalg Unneland →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.