Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 225 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren gjere greie for status og framdrift i planlegginga av RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og korleis dette arbeidet blir finansiert jamf. statsbudsjettframlegget til regjeringa som kuttar i øst og i vest?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 25. oktober 2022. Svaret kom 2. november 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
25. oktober 2022
Besvart
2. november 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren gjere greie for status og framdrift i planlegginga av RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og korleis dette arbeidet blir finansiert jamf. statsbudsjettframlegget til regjeringa som kuttar i øst og i vest?

Begrunnelse

RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger er ein svært viktig veg for Vestlandet og Møre og Romsdal.
I forrige NTP vart dette prosjektet vedteke oppstarta i fyrste delen av NTP sin 6 års periode, noko som eit fleirtal ved SP, Ap og SV stemte ned i Dok. 8 forslag 125 S.
Status pr. i dag er at dette prosjektet ikkje ligg inne i fyrste 6 års perioden, og er av Statens vegvesen beskrevet med oppstart i perioden 2028-2033.
I ulike medier lokalt og i fylka, kan ein høyre om eit Statens vegvesen som holder på med planlegging av dette prosjektet, sjølv om regjeringspartia dessverre har utsatt prosjektoppstarten betydeleg.
At Statens vegvesen holder på med planlegging er bra, men korleis dette blir finansiert er uklart. Framdrifta er også uklart med tanke på at regjeringspartia har utsatt oppstart til perioden 2028-2033.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 2. november 2022

Statens vegvesen har sett i gong førebuing for kommunedelplan for massedeponi på Strynefjellet. Før jul vil det òg bli utarbeidd nytt kostnadsoverslag som grunnlag for prioritering i kommande Nasjonal transportplan. Dette blir gjennomført med interne ressursar og midlar på Statens vegvesen sitt budsjett i 2022. Planoppstart for reguleringsplan med KU er i det gjeldande planleggingsprogram foreslått i 2024. Planleggingsprogrammet til Statens vegvesen blir rullert årleg og skal etter planen bli offentleggjort medio februar 2023 saman med gjennomføringsplanen.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.