Skriftlig spørsmål nr. 197 · 2022-2023
Har departementet gjort samfunnsmessige økonomiske berekningar for kva nedlegging av Stord-Oslo ruta vil bety for regionen dersom rutetilbodet i Stord – Oslo – Stord forsvinner?
Liv Kari Eskeland (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 21. oktober 2022. Svaret kom 2. november 2022.
- Fra
- Liv Kari Eskeland (H)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 21. oktober 2022
- Besvart
- 2. november 2022
Spørsmål
Har departementet gjort samfunnsmessige økonomiske berekningar for kva nedlegging av Stord-Oslo ruta vil bety for regionen dersom rutetilbodet i Stord – Oslo – Stord forsvinner?
Begrunnelse
Departementet har i brev nyleg svara Stord Lufthamn at det ikkje er aktuelt å utlyse flyruta Stord–Oslo som ei midlertidig FOT-rute i seks månader, som følge av at noverande operatør vurderer å innstille rutedrifta, og i påvente av ei avklaring om ruta skal inkluderast i utlysinga av nye FOT-ruter frå 1. april 2024.
Det kan bety at tilsette vert permittert og i verste fall vert sagt opp, beredskapen i regionen vert svekka, og næringslivet vert påført ekstrakostnader som dei ikkje hadde forutsett. Dette er kostnader som vanskeleg kan overførast til ein tredjepart, og det vil svekke konkurransevilkåra til vårt næringsliv. I tillegg vil lufthamna ikkje kunne oppfylle forpliktingane ein har inn mot sine eigarar som er kommune og fylkeskommune. Vi ber difor departementet legge fram ei samfunnsøkonomisk konsekvensanalyse for eit slikt senario sett opp mot kva det vil koste å gå inn med ei støtteordning for ruta fram til ny vurdering av FOT-rutene ligg føre.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 2. november 2022
I samband med neste rullering av kontraktane for ordninga med statlege kjøp av flytenester, dei såkalla FOT-rutene, utarbeider Oslo Economics, med bistand frå Norconsult og Nord universitet, ei transportfagleg utgreiing, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. I mandatet for utgreiinga inngår å vurdere om samfunnet treng nye FOT-ruter. Dei aktuelle fylkeskommunane har fått høve til å komme med innspel til utreiingsoppdraget. Utgreiinga skal på ei kort høyring når den er ferdig, etter planen i november i år.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Liv Kari Eskeland →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.