Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 128 · 2022-2023

Når no auksjonen er gjennomført er det mulig å rekne ut kva kvar enkelt kommune og fylkeskommune får tilført i 2022 av havbruksfondet. Kan statsråden liste opp tildelinga for 2022 på kommunenivå?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 15. oktober 2022. Svaret kom 24. oktober 2022.

Til
Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
Datert
15. oktober 2022
Besvart
24. oktober 2022

Spørsmål

Når no auksjonen er gjennomført er det mulig å rekne ut kva kvar enkelt kommune og fylkeskommune får tilført i 2022 av havbruksfondet.
Kan statsråden liste opp tildelinga for 2022 på kommunenivå?

Svar

Fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran, 24. oktober 2022

Auksjonen gav eit proveny på nær 3,8 milliardar kroner. Regjeringa er opptatt av at ein rettferdig del av inntektene frå næringa skal gå til vertskommunar og -fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet. Mens førre regjering reduserte vertskommunanes andel, framgår det av Hurdalsplattforma at vår regjering vil auke den. Nøyaktig oversikt over inntektene for kvar enkelt kommune og fylkeskommune er foreløpig ikkje avklart. Regjeringa tar sikte på at pengane vil utbetalast i år, og vil derfor raskt kome til Stortinget i proposisjon med eit forslag til løyving.
Når løyvinga er klar vil midlane fordelast i samsvar med fordelingsnøklane i Havbruksfondet.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.