Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 102 · 2022-2023

Vestland fylkeskommune er eit av fylka med størst etterslep og behov for vedlikehald av fylkesvegar. Ein velfungerande infrastruktur er avgjerande for bu- og arbeidsregionar, men aller viktigast at …

Lise-May Sæle (H) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 13. oktober 2022. Det ble besvart av kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik. Svaret kom 24. oktober 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Besvart av
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
13. oktober 2022
Besvart
24. oktober 2022

Spørsmål

Vestland fylkeskommune er eit av fylka med størst etterslep og behov for vedlikehald av fylkesvegar. Ein velfungerande infrastruktur er avgjerande for bu- og arbeidsregionar, men aller viktigast at ein skal ferdast trygt langs vegane.
Meiner statsråden det er fornuftig bruk av fellesskapet sine midlar å bruke totalt 838 millionar kroner på oppslitting av fylkeskommunar framfor å satse på fylkesvegar, og korleis vil statsråden følgje opp etterslepet på fylkesvegane?

Begrunnelse

Det vert brukt fleire hundre millionar på oppslitting av fylkeskommunar, medan fylka parallelt og særleg dei som ikkje har valt å splitte seg opp treng løyvingar til viktige område som til dømes fylkesvegar.

"I forslaget til statsbudsjett har regjeringen bevilget 200 millioner kroner til formålet, men fylkene og Ålesund har anslått kostnadene til totalt 838 millioner kroner," (Dagbladet, 12.10.2022).

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 24. oktober 2022

Gjennom sine vedtak i 2017, slo Stortinget saman fylkeskommunar som ikkje sjølv ønskte det. Det har difor vore viktig for regjeringa å gi tvangssamanslåtte fylkeskommunar (og kommunar) mogelegheit til å dele seg.
Dei tvangssamanslåtte fylkeskommunane (og Ålesund kommune) vil gjennom ei søknadsordning få kompensert dei direkte delingskostnadane. Kompensasjonen skal vere basert på ei svært nøktern tilnærming til kva som er absolutt nødvendig for å gjennomføre delingsprosessane. Søknadsfristen for dei tre fylkeskommunane og Ålesund er 8. november 2022. Regjeringa har i budsjettforslaget for 2023 foreslått ei løyving på 200 millionar kroner til delingskostnadar. Kommunal- og distriktsdepartementet vil vurdere behov for ytterlegare løyvingar i seinare års budsjett.
Fylkesvegane er eit fylkeskommunalt ansvar, og ansvaret omfattar utgreiing, planlegging, drift, vedlikehald og investeringar. Finansieringa av oppgåvene kjem frå frie inntekter og øyremerkte tilskot, i tillegg til brukarbetaling. Regjeringa foreslår i budsjettforslaget for 2023 om lag 800 mill. kroner til øyremerkte tilskot til fylkesveg over budsjettet til Statens vegvesen. Om lag 400 mill. kroner av dette er retta mot redusert vedlikehaldsetterslep på viktige næringsvegar og veg som utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionar, jf. kap. 1320 Statens vegvesen, post 65 Tilskot til fylkesveger. Regjeringa foreslår i budsjettforslaget for 2023 ein vekst i dei frie inntektane til fylkeskommunane på 0,9 mrd. kroner. Samferdselsministeren har for øvrig i år bedt Statens vegvesen om å koordinere ei kartlegging av tilstanden på fylkesvegane saman med fylkeskommunane.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Lise-May Sæle →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.