Skriftlig spørsmål nr. 89 · 2022-2023
Kan samferdselsministeren leggje fram kva Statens vegvesen region midt driver med ang prosjektet Møreaksen, kva midlar har dei brukt så langt i 2022 til eit prosjekt som egenetlig er som å "bære høy til ein døyande hest"?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 12. oktober 2022. Svaret kom 21. oktober 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 12. oktober 2022
- Besvart
- 21. oktober 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram kva Statens vegvesen region midt driver med ang prosjektet Møreaksen, kva midlar har dei brukt så langt i 2022 til eit prosjekt som egenetlig er som å "bære høy til ein døyande hest"?
Begrunnelse
Regjeringa har lagt fram sitt framlegg til statsbudsjett, og dette viser omfattande kutt av infrastrukturbygging av "gryteklare" svært viktige prosjekt.
Desse prosjekta som regjeringa foreslår utsatt ville holdt svært mange entreprenørar, bygg og anleggsbransjen samt transportbransjen i arbeid i mange år i store delar av landet.
Ved utsetting av desse store veiprosjekta vil også andre prosjekt bli skubba betydelig ut i tid, eller kutta heilt ut.
Eit prosjekt slik som gigantprosjektet Møreaksen, som folket i Møre og Romsdal heller ikkje vil ha, er sjølvsagt historie og vil heldigvis ikkje realistisk kunne bli realisert. (aldri så galt at det ikkje er godt for noko).
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 21. oktober 2022
Statens vegvesen planlegg E39 Ålesund-Molde i tråd med prioriteringane i Nasjonal transportplan 2022-2033, jf. Innst. 653 S (2020-2021) og Meld. St. 20 (2020-2021). I 2022 vert det gjort arbeid med planlegging og optimalisering på heile strekninga.
Nedanfor er vist nokre hovedaktivitetar i prosjektet i 2022:
• Det er utarbeida fagleg grunnlag for utbyggings- og finansieringsopplegg for E39 Vik-Molde. Saka ha vore til behandling i fire kommunar og fylkeskommunen.
• Det pågår ekstern kvalitetssikring (KS2) for E39 Vik-Molde.
• Det er gjort vidare innsamling av data om naturlastar for Julsundbrua, og det er arbeidd med optimalisering av brukonstruksjonen.
• Det er utarbeidd og vedteken reguleringsplanar for E39 Julbøen-Molde og E39 Bolsønes.
• Det er utarbeidd forslag til reguleringsplan for E39 Ørskogfjellet-Vik, som er på høyring.
• Det er gjort førebuande arbeidd for planlegging etter plan- og bygningslova for E39 Breivika-Digernes-Ørskogfjellet. Det er meldt oppstart av kommunedelplan for E39 Digernes-Ørskogfjellet.
Det er nytta om lag 78 millionar kroner til planlegging og optimalisering på prosjektet i 2022 (tal per august).
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.