Skriftlig spørsmål nr. 87 · 2022-2023
Kan samferdselsministeren dokumentere at dersom Nordøyvegprosjektet får inn ekstra midlar i sin finansiering av prosjektet anten som løyvingar frå fylket sjølv eller frå staten, at dette kan medføre at fylkeskommunen sjølv kan sette ned bompengetakstane?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 12. oktober 2022. Svaret kom 21. oktober 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 12. oktober 2022
- Besvart
- 21. oktober 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren dokumentere at dersom Nordøyvegprosjektet får inn ekstra midlar i sin finansiering av prosjektet anten som løyvingar frå fylket sjølv eller frå staten, at dette kan medføre at fylkeskommunen sjølv kan sette ned bompengetakstane?
Begrunnelse
Stortinget har vedteke samrøystes at Bompengeprop. 93 S ang Nordøyvegen er opna opp for å kunne kutte bompengane ved ekstra midlar inn i prosjektfinansieringa, til kutt av bompengetaksten direkte.
Eg oppfattar at departementet problematiserar dette overfor Møre og Romsdal fylkeskommune.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 21. oktober 2022
Det går fram av Prop. 93 S (2021–2022) Finansiering av prosjektet fv. 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal fylkeskommune, at ev. kostnadsreduksjonar i prosjektet skal delast mellom fylkeskommunale midlar og bompengar etter en angitt prosentfordeling.
Fylkeskommunen har anledning til å bruke sin del av ev. mindreforbruk/kostnadsreduksjonar eller andre eigne midlar til å redusere bompengeselskapet si gjeld med påfølgande lågare bompengetakstar. Dersom det blir aktuelt å sette ned takstane, legg eg til grunn at dette skjer i samråd med bompengeselskapet og Statens vegvesen som takstmyndigheit.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.