Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 17 · 2022-2023

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over dei statlege årlege kostnadane som er på ferjeruta E-39 Volda- Folkestad?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 4. oktober 2022. Svaret kom 7. oktober 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
4. oktober 2022
Besvart
7. oktober 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren legge fram ei oversikt over dei statlege årlege kostnadane som er på ferjeruta E-39 Volda- Folkestad?

Begrunnelse

E-39 ferjestrekninga mellom Volda og Folkestad har også eit fastlandssamband som er under planlegging. Dette er Voldsfjordkryssinga.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 7. oktober 2022

Sambandet Volda - Folkestad går via rv. 651 og er ein del av ferjekontrakten «Sunnmørspakken» - som består av Festøya - Solavågen og Volda - Folkestad. Kontraktsperioden er frå 2020 til 2029. I tillegg er det opsjon om forlengd driftsperiode på inntil 18 månader. Opsjonsperioden er ikkje tatt med i tala under.
Den gjennomsnittlege årlege sambandskostnaden i kontrakt er om lag 39 millionar (2022 kr) - inngåtte endringsordrar er inkludert i talet. Den årlege inntekta i perioden er berekna til om lag 11 millionar (2022 kr), eks. mva. Det årlege statlege tilskotet blir difor på om lag 28 millionar (2022 kr) for ferjestrekninga Volda - Folkestad.
Kostnader for drift og vedlikehald av tilhøyrande kaier er ikkje inkludert i beløpa.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.