Skriftlig spørsmål nr. 3054 · 2021-2022
Regjeringen sitt sjokkforslag om dramatisk stor auke i skattelegginga av havbruksnæringa speler sjølvsagt inn på kva staten og kommunane gjennom havbruksfondet kan forvente å få av auksjoner på nye …
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til fiskeri- og havministeren, Bjørnar Skjæran, 30. september 2022. Svaret kom 14. oktober 2022.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Fiskeri- og havministeren · Bjørnar Skjæran
- Datert
- 30. september 2022
- Besvart
- 14. oktober 2022
Spørsmål
Regjeringen sitt sjokkforslag om dramatisk stor auke i skattelegginga av havbruksnæringa speler sjølvsagt inn på kva staten og kommunane gjennom havbruksfondet kan forvente å få av auksjoner på nye tillatelser. Dette stadfesta også fiskeriministeren. Då framstår jo grepet ekstra merkelig om det å få penger inn i statskassen var bakgrunnen for forslaget. Her oppnår ein jo mindre penger til stat og kommunesektor.
Kva er anslaget på reduserte inntekter på auksjonen for stat og kommunar etter skatteforslaget?
Svar
Fiskeri- og havministeren Bjørnar Skjæran, 14. oktober 2022
Regjeringas mål er å leggje til rette for vekst i næringa. Årets auksjonen vart gjennomført over to dagar, den 12. og 13. oktober. Auksjonen syner at det framleis er god etterspurnad etter kapasitet i dei fleste produksjonsområda. Oppsummert ga auksjonen eit proveny på nær 3,8 milliardar kroner.
Førre gong det var auksjon, i 2020, vart provenyet om lag 6 milliardar kroner. Det er naturlig at ein grunnrenteskatt på havbruk vil redusere provenyet frå framtidige auksjonar.
Såleis var provenyet for årets auksjon om lag som forventa.
Sal av nye løyve er berre ein del av dei samla inntektene til stat og kommuesektoren frå havbruksnæringa. Dei samla inntektene frå havbruksnæringa vil truleg auke, samstundes som dei blir meir føreseielege fordi dei i lågare grad vil vera avhengig av at produksjonsområda oppnår ein god miljøsituasjon. Eg meiner difor at vertskommunane vil kome betre ut enn tidligare, med den omlegginga som no er foreslått.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.