Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 3016 · 2021-2022

Vil samferdselsministeren sørge for at ferjeprisane vert reelt halvert ved å løyve tilstrekkeleg med midlar i kommande statsbudsjett?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 27. september 2022. Svaret kom 3. oktober 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
27. september 2022
Besvart
3. oktober 2022

Spørsmål

Vil samferdselsministeren sørge for at ferjeprisane vert reelt halvert ved å løyve tilstrekkeleg med midlar i kommande statsbudsjett?

Begrunnelse

Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal gjekk til valg på å halvere ferjeprisane. Så langt har ferjeprisane kun blitt redusert med om lag 11 %, og mange forventar at regjeringa og Arbeidarpartiet innfrir dette valgløftet.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 3. oktober 2022

Svar på spørsmålet vil gå fram av budsjettframlegget for 2023, som vert lagt fram 6. oktober i år.
I grunngjevinga for spørsmålet vert det sett fram ein påstand frå representanten om at ferjeprisane berre er reduserte med 11 pst. så langt. For ordens skuld minner eg om at ferjetakstane i 2022 er reduserte med 30 pst. for den reisande jamført med takstane 1. januar 2021. Dette er datoen som er referansepunktet for arbeidet med å redusera ferjetakstar.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.