Skriftlig spørsmål nr. 2937 · 2021-2022
Vil regjeringa sørge for at prosjektet «Vestlandslegen», eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og helseforetaka på Vestlandet om ein ny modell for å auke kapasiteten i legeutdanninga …
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Ingvild Kjerkol, 19. september 2022. Det ble besvart av forsknings- og høyere utdanningsministeren Ola Borten Moe. Svaret kom 27. september 2022.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Helse- og omsorgsministeren · Ingvild Kjerkol
- Besvart av
- Forsknings- og høyere utdanningsministeren · Ola Borten Moe
- Datert
- 19. september 2022
- Besvart
- 27. september 2022
Spørsmål
Vil regjeringa sørge for at prosjektet «Vestlandslegen», eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og helseforetaka på Vestlandet om ein ny modell for å auke kapasiteten i legeutdanninga og gjere legeutdanninga meir desentralisert, får tilført nødvendige studieplassar på statsbudsjettet for 2023 for å kome i gang?
Begrunnelse
Rekruttering av fleire fastlegar er kritisk viktig for gode helsetenester til folk over heile landet. Berre i Sogn og Fjordane åleine er det i skrivande stund 16 ledige fastlegestillingar: 10 000 av 100 000 innbyggarar har ikkje fastlege. Dette er svært alvorleg, og krev politisk initiativ og handlekraft no – ikkje berre nye utgreiingar.
På Vestlandet har Universitetet i Bergen og dei regionale helseforetaka gått saman om å utvikle ein ny modell for legeutdanning for å avhjelpe situasjonen: Vestlandslegen. Dette er ein desentralisert studiemodell der legestudentane tar dei tre første åra i Bergen som i dag, men forflyttar seg til desentraliserte tilbod i Stavanger (Helse Stavanger), Haugesund (Helse Fonna) og Førde (Helse Førde) dei tre siste åra av utdanninga. På denne måten kan ein auke den samla kapasiteten i utdanninga, samtidig som fleire legestudentar tidleg blir ein del av helsefaglege miljø andre stader på Vestlandet enn i Bergen.
Vestlandslegen-modellen er Vestlandet sitt svar på Grimstadutvalet sin rapport om korleis vi kan auke den samla kapasiteten i legeutdanninga i Noreg. Alt er no klart for å starte opp Vestlandslegen: Rammeplanen er på plass og stillingar er utlyste – alt som manglar er nødvendig grønt lys frå regjeringa om oppretting av nødvendige nye studieplassar i 2023 for at tilbodet kan kome i gang.
Dersom ikkje denne avklaringa kjem i samband med statsbudsjettet for 2023, står heile satsinga i fare. Det vil vere katastrofalt for framtidig rekruttering av legar på Vestlandet. Alle gode krefter må no samarbeide: Vestlandslegen må starte opp i 2023.
Svar
Forsknings- og høyere utdanningsministeren Ola Borten Moe, 27. september 2022
Spørsmålet er stila til helse- og omsorgsministeren, men svaret kjem frå meg som ansvarleg statsråd på området.
Eg er samd med representanten Bjørlo at «Vestlandslegen» er eit godt eigna svar på ei viktig utfordring på korleis kapasiteten i medisinutdanning kan auke slik at satsinga skapar positive verknader i dei områda vi manglar legar. Samarbeidsprosjektet mellom Universitet i Bergen og Helse Vest er eit godt initiativ som er i tråd med politikken til regjeringa om bruk av desentraliserte studiemodellar. Regjeringa konkluderte i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022 at Noreg må dimensjonere medisinutdanninga slik at vi best mogleg kan samordne og gjere nytte av knappe fag- og forskingsressursar. Det følgjer av denne konklusjonen at det ikkje vil bli oppretta nye medisinutdanningar i Noreg. Samstundes understreka regjeringa viktigheita av at universiteta med medisinutdanning tek i bruk ein større del av helsetenesta i utdanninga av legar.
Desentraliserte studiemodellar er viktige for å kunne auke praksiskapasiteten utanfor dei store studiebyane, og for rekruttering til arbeid i distrikta etter ferdig utdanning. Desentraliserte studiemodellar bidreg også til at kompetansen i medisinutdanningane kan gagne helsetenestene fleire stadar i landet.
Det er ein del område av landet der det er vanskeleg å rekruttere legar, særleg fastlegar. I statsbudsjettet for 2022 prioriterte denne regjeringa regionen der vi manglar flest legar, ved at det i tilleggsproposisjonen blei tildelt midlar til 15 nye studieplassar i medisin ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT).
“Vestlandslegen“ kan ikkje berre bli finansiert med friske midlar i statsbudsjettet. Universitetet i Bergen har høve til å omprioritere midlar til strategiske satsingar. Vurderingar om auka studieplassar i medisin blir behandla i dei ordinære budsjettprosessane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.