Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2869 · 2021-2022

Statleg eigde Løken Gard i Valdres har stått tom og utan drift sidan Støre-regjeringa sist haust stoppa planane om sal av garden. Kva planer har landbruksministeren for å få ny aktivitet og drift av …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til landbruks- og matministeren, Sandra Borch, 11. september 2022. Svaret kom 20. september 2022.

Til
Landbruks- og matministeren · Sandra Borch
Datert
11. september 2022
Besvart
20. september 2022

Spørsmål

Statleg eigde Løken Gard i Valdres har stått tom og utan drift sidan Støre-regjeringa sist haust stoppa planane om sal av garden.
Kva planer har landbruksministeren for å få ny aktivitet og drift av Løken Gard, til dømes ved å utvikle garden som eit nasjonalt senter for fjell-landbruk og dei omstillingane som må til i fjell-landbruket på grunn av klimaendringar, endra forbrukar-preferansar, ny teknologi etc.?

Svar

Landbruks- og matministeren Sandra Borch, 20. september 2022

Etter at salet av Løken gard i Valdres blei stoppa i fjor haust, har det blitt arbeidd med å finne ei løysing for eigedomen. Det er ikkje lenger eit statleg behov for den, og det har blitt greidd ut om eigedomen kan huse eit nasjonalt senter for fjellandbruket. Eit initiativ, med Øystre Slidre kommune i spissen, har hatt ønskje og planar om å nytte eigedomen til eit nasjonalt senter. Eg har i den seinare tida hatt tett dialog med kommunen om saka med mål om å finne ei løysing.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.