Skriftlig spørsmål nr. 2867 · 2021-2022
Er det slik det skal vera i Norge at folk må flytte på seg for å få den hjelpen dei har krav på eller er kommunar pliktig å yte helsehjelp der innbyggjaren bur som til dømes på ei øy?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til helse- og omsorgsministeren, Ingvild Kjerkol, 11. september 2022. Svaret kom 16. september 2022.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Helse- og omsorgsministeren · Ingvild Kjerkol
- Datert
- 11. september 2022
- Besvart
- 16. september 2022
Spørsmål
Er det slik det skal vera i Norge at folk må flytte på seg for å få den hjelpen dei har krav på eller er kommunar pliktig å yte helsehjelp der innbyggjaren bur som til dømes på ei øy?
Begrunnelse
I lokalavisa Marsteinen for Austevoll står det 8. september ei sak med overskrift: Kirsten Ann (79) får ikkje kommunal hjelp. Bakgrunnen er at dette er ein innbyggjar som bur på ei øy utan vegforbindelse til resten av kommunen. Austevoll kommune skriv i avslaget sitt om søknad om praktisk bistand at dei ikkje har hatt høve til å vurdera bustaden eller helsetilstanden til søkjaren, sidan det ikkje er transport til øya. Det står vidare i saka: Kommunen vil kunne tilby hjelp dersom søkjar busett seg på dei stadane der det er praktisk mogleg å gje tenester. Kommunen vil vera behjelpeleg med bustad/omsorgsbustad etter gjeldande sakshandsaming, skriv dei i eit brev til Hevrøy.
Svar
Helse- og omsorgsministeren Ingvild Kjerkol, 16. september 2022
Eg ber om forståing for at eg ikkje kan uttale meg om denne konkrete saka og dei vurderingane som er gjort her. I samsvar med prinsippa nedfelt i kommunelova følgjer det direkte av lovas § 3-1 at kommunen er pålagt å sørge for at personar som oppheld seg i kommunen blir tilboden nødvendige helse- og omsorgstenester.
Forpliktingane til kommunen gjeld uavhengig av kvar i kommunen den enkelte bur. Kommunen må gjere ei individuell vurdering av den enkelte sitt behov, og på den bakgrunnen fatte vedtak om eit eventuelt tenestetilbod.
Dersom det oppstår usemje mellom kommunen og pasient/brukar om i kva grad det blir ytt eit forsvarleg og adekvat tenestetilbod, så kan saka klagast inn til Statsforvaltaren som tilsynsmynde.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.