Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2768 · 2021-2022

Meiner samferdselsministeren at dette er akseptabel standard på innanriks ferjer på ein stamveg på eit av landets største ferjesamband, og vil samferdselsministeren gjere noko med dette?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 31. august 2022. Svaret kom 7. september 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
31. august 2022
Besvart
7. september 2022

Spørsmål

Meiner samferdselsministeren at dette er akseptabel standard på innanriks ferjer på ein stamveg på eit av landets største ferjesamband, og vil samferdselsministeren gjere noko med dette?

Begrunnelse

Den 15 og 18 juli i år vart det observert mykje vatn på dekk på ferja BF Tomrefjord, som går mellom Molde og Vestnes E-39. Det var så mykje vatn at ein ikkje kunne gå der med vanlege tennissko. Dette var også tilfellet ved passasjergangen. Det skjedde på normalt fine sommardagar.
Boreal trafikkerar dette sambandet, og rederiet har ikkje utbetra feilen slik eg har oppfatta dette.
Det skal angjeveleg være sendt melding til sjøfartsdirektoratet uten at ferja har blitt teken ut av trafikk eller stoppa. Ferja er fortsatt i drift etter det eg får opplyst.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 7. september 2022

Statens vegvesen opplyser om at det er fleire ferjer i drift som har liknande design som M/F Tomrefjord. Designet er energieffektivt, men det er sensitivt for korleis fartøyet blir lasta.
Om fartøyet er tungt lasta i front, kan det kome vatn inn mellom ferjedekket og fallport når fartøyet gjer 14-15 knop. Dette er ikkje ideelt og ferjeselskapet Boreal Sjø, som driftar sambandet E39 Molde-Vestnes, arbeider med å finne løysingar for å redusere ulempene som dette gir.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.