Skriftlig spørsmål nr. 2685 · 2021-2022
Kan statsråden gjere eit anslag på inntekter til kommunesektoren fra kraftproduksjon i 2022 og også liste opp inntektene sektoren har hatt tilsvarande dei siste 10 åra?
Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 21. august 2022. Svaret kom 1. september 2022.
- Fra
- Helge André Njåstad (FrP)
- Til
- Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
- Datert
- 21. august 2022
- Besvart
- 1. september 2022
Spørsmål
Kan statsråden gjere eit anslag på inntekter til kommunesektoren fra kraftproduksjon i 2022 og også liste opp inntektene sektoren har hatt tilsvarande dei siste 10 åra?
Begrunnelse
Norske kommuner og fylkeskommuner eier store deler av kraftproduksjonen i landet og nyter godt av høye strømpriser.
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 1. september 2022
Kommunar og fylkeskommunar har fleire slags inntekter frå kraftproduksjon. Nokre av inntektene aukar med straumprisen, medan andre inntekter ikkje er avhengig av straumprisen. Ut frå grunngjevinga i spørsmålet, legg eg til grunn at representanten ønskjer informasjon om inntekter som aukar med auka straumpris. Det er avgrensa kva ein finn av statistikk som er avgrensa til kraftproduksjon for kommunesektoren.
Eigedomsskatt på kraftanlegg
Eigedomsskatt til kommunane vert utskriven etter reglane i eigedomsskattelova. Reglane gir kommunestyret høve til å velje å skrive ut eigedomsskatt, til dømes på kraftanlegg og kraftnett. Utskrivinga av eigedomsskatten skjer basert på verde året før, som igjen er basert på tal frå verksemdene året før det igjen. Grunnlaget for utskriving av eigedomskatt på kraftanlegg er venta å bli lågare i 2022 enn i 2021 som følgje av dei låge straumprisane i 2020.
Kommunane rapporterer inntektene frå eigedomsskatt i KOSTRA. Bustader og fritidsbustader er skilt ut på eigen art i KOSTRA, medan dei resterande inntektene er samla under ein anna KOSTRA-art. Tala nedanfor inneheld inntekter knytt til verker og bruk, næringseigedomar, ikkje-utbygde tomter og anna fast eigedom som ikkje er bustader eller fritidsbustader. Det meste av eigedomsskatten er knytt til kraft, men tala omfattar altså òg andre typar eigedomsskatteinntekter.
Kommunar (mill. kroner)
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
2019
2020
2021
Eigedomsskatt frå anna eigedom1
4 679
5 186
5 459
5 739
5 975
6 544
6 759
7 068
7 594
7 927
1 Kjelde: SSB, tabell 06980.
Konsesjonskraftinntekter
Plikt til å avstå konsesjonskraft gjeld kraftverk som nyttar vatn regulert etter vassdragsreguleringslova eller industrikonsesjonslova. Utrekninga av konsesjonskraft i det einskilde høvet tar utgangspunkt i eit kraftgrunnlag, dvs. ei utrekning av effekten kraftverket kan gi. Kraftgrunnlaget tek utgangspunkt i regulert vassføring og fallhøgde, ikkje den faktiske produksjonen til kraftverket. Konsesjonskrafta som eigar av kraftverk må avstå, utgjer inntil 10 pst. av kraftgrunnlaget i kraftverket. Dersom kommunen har rett på ei større tildeling av konsesjonskraft enn forbruket til alminneleg forsyning i den aktuelle kommunen, går den overskytande konsesjonskrafta til fylkeskommunen.
Vasskraftsystemet i Noreg hadde ein normalårsproduksjon på om lag 138 TWh per 31.12.2021. Av dette utgjer samla konsesjonskraftmengde til kommunal sektor om lag 8,8 TWh per år. Kommunane og fylkeskommunane kjøper konsesjonskrafta til ein rimeleg pris. I dei fleste høve er denne fastsett av Olje- og energidepartementet, og baserer seg på gjennomsnittleg sjølvkost for eit representativt utval av kraftverk. For 2022 er prisen 11,57 øre/kWh. Kommunane og fylkeskommunane står fritt til å forvalte retten. Dei kan t.d. velje å selje den vidare til marknadspris (til spotpris, inngå fastpriskontrakter, osb.), dei kan òg velje å bruke ein del av straumen i eigen produksjon, eller tilby krafta til eigne innbyggjarar til innkjøpspris. Einskilde kommunar har late vere å ta ut konsesjonskraftmengda si.
I tabellen nedanfor er ei oppstilling av inntekter for kommunesektoren frå konsesjonskraft, kraftrettar og anna kraft for vidaresal for perioden 2015-2021.
Kommunesektoren (mill. kroner)
2015
2016
2017
2018
2019
2020
2021
Brutto inntekt frå konsesjonskraft,
kraftrettar og anna kraft for vidaresal2
1 622
1 677
1 848
2 217
2 642
2 218
3 344
2 Kjelde: SSB, tabell 12361 og 12364. Det er ikkje publisert tal lenger tilbake enn til 2015.
Utbytte frå kraftselskap
Eigarstrukturen i kraftsektoren varierer mykje. I nokre høve er det eit reint lokalt eigarskap, medan det ikkje er uvanleg at større kraftkonsern blir eigde av fleire kommunar, som igjen eig fleire andre selskap. Dette fører til at utbytte frå eitt kraftselskap inngår som inntekter i eit anna kraftselskap. I tillegg sit det statleg eigde Statkraft med store eigarpostar.
Høge straumprisar eit år vil kunne slå inn i selskapa sine resultat same året. Årsresultata til selskapa og disposisjon av eventuelt overskot, vil normalt bli fastsett året etter rekneskapsåret. Det inneber at høge straumprisar i 2022 vil påverke resultatet i 2022, men
Side 3
disponeringa av eventuelle overskot blir først vedteke på generalforsamlingane sommaren 2023. Eventuelt ordinært utbytte vil kome til utbetaling til eigarane etter det.
Det er stor uvisse om kor mykje av overskota som blir delt ut i utbytte til kommunane for 2022 og 2023. Det er ikkje krav til eigen rapportering frå kommunar og fylkeskommunar for dette.
Kommunar og fylkeskommunar si rapportering i KOSTRA er ikkje avgrensa til årlege utbytte frå selskap som driv kraftproduksjon. Tala nedanfor inneheld utbytte og eigaruttak frå alle eigarinteresser, ikkje berre frå kraftselskap. I tabellen nedanfor er ei oppstilling av alle inntekter som kommunesektoren har frå eigaruttak og utbytte for perioden 2012-2021. Det er ikkje urimeleg å leggje til grunn at over halvparten er knytt til utbytte frå verksemder innan kraftsektoren.
Kommunesektoren (mill. kroner)
2012
2013
2014
2015
2016
2017
2018
2019
2020
2021
Utbytte og eigaruttak3
4 270
4 137
4 290
3 772
3 672
3 814
4 354
5 364
4 920
4 701
3 Kjelde: SSB, tabell 04938, 07796, 12361 og 12364.
Anslag for inntekter for 2022
Når det gjeld spørsmålet om anslag på kommunesektoren sine inntekter frå kraftproduksjon i 2022, vil ein måtte legge til grunn ei rekke føresetnader som kvar for seg – og saman – vil vere svært usikre. Det er stor uvisse om straumprisen framover. I einskilde delar av landet er straumprisen låg, medan den andre stader er høg. Det vil kunne slå ulikt ut for selskapa sine resultat. Konsesjonskraftinntektene er mellom anna avhengig av kor mykje kommunar og fylkeskommunar har i fastpris- og spotavtalar, noko departementet ikkje har oversikt over. Departementet har heller ikkje oversikt over kor mykje dei einskilde kraftverksemdene har betalt eller vil betale i utbytte til eigarane sine i 2022. Departementet har difor ikkje eit tilstrekkeleg grunnlag for å lage eit godt anslag på kor mykje inntekter kommunesektoren vil få frå kraftproduksjon i 2022. Det er likevel grunn til å tru at inntektene i 2022 vil bli høgare enn i 2021, og at det vil vere store variasjonar mellom kommunar og mellom fylkeskommunar.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.