Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2646 · 2021-2022

Er det mulig å identifisere og informere de som kan ha har krav på, men ikke har søkt bostøtte, og hvis ikke, hva skal til for å få varslet folk i denne gruppen om at de kan søke?

Kirsti Bergstø (SV) stilte spørsmålet til kommunal- og distriktsministeren, Sigbjørn Gjelsvik, 15. august 2022. Svaret kom 25. august 2022.

Til
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
15. august 2022
Besvart
25. august 2022

Spørsmål

Er det mulig å identifisere og informere de som kan ha har krav på, men ikke har søkt bostøtte, og hvis ikke, hva skal til for å få varslet folk i denne gruppen om at de kan søke?

Begrunnelse

SSB rapporterte i 2019 at "betydelige grupper" som hadde krav på bostøtte fra Husbanken ikke søkte om det. Dagbladet skrev 15.08.2022 om at "tusenvis" kan ha krav på bostøtte uten å vite om det.

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 25. august 2022

Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Ordninga er ein rett for dei som fyller vilkåra i lov og forskrift om bustøtte. Vilkåra inneber mellom anna at husstanden har tilstrekkeleg høge buutgifter i høve til inntekta.
Både buutgiftene i seg sjølv, og ein del andre opplysingar som er naudsynte i utrekninga av bustøtte, dokumenterer søkjaren gjennom søknaden. Det er vanskeleg å finne fram til dei som har krav på bustøtte dersom dei ikkje søkjer. Buutgifter finst ikkje samla i noko register.
Inntektsopplysingar frå arbeidsgjevarar og andre vert samla kvar månad gjennom a-ordninga, men desse opplysingane er ikkje tilgjengelege for Husbanken, anna enn for personar i husstandar som allereie har søkt bustøtte. I staden for å leite opp moglege bustøttesøkjarar og informere dei direkte, informerer både Husbanken og kommunane breitt og gjennom kanalar som kan treffe aktuelle grupper. Mange gjer eit godt informasjonsarbeid i dag, men nokre har òg rom for å bli betre. Husbanken vil i haust ha en dialog med fleire kommunar om korleis forbetre bustøttearbeidet, og der eitt tema er korleis dei gjer ordninga kjent for innbyggjarane og kva Husbanken kan bidra med.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Kirsti Bergstø →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.