Skriftlig spørsmål nr. 2518 · 2021-2022
Frå kva tidspunkt vart kravet (ref. opprinneleg [RSK-]konsesjon frå 21.12.1962) om at krafta skal nyttast til industri på Vestlandet oppheva, og kva var den offisielle grunngjevinga for dette?
Sofie Marhaug (R) stilte spørsmålet til olje- og energiministeren, Terje Aasland, 30. juni 2022. Svaret kom 14. juli 2022.
- Fra
- Sofie Marhaug (R)
- Til
- Olje- og energiministeren · Terje Aasland
- Datert
- 30. juni 2022
- Besvart
- 14. juli 2022
Spørsmål
Frå kva tidspunkt vart kravet (ref. opprinneleg [RSK-]konsesjon frå 21.12.1962) om at krafta skal nyttast til industri på Vestlandet oppheva, og kva var den offisielle grunngjevinga for dette?
Begrunnelse
Spørjaren reknar med at statsråden er godt kjent med korleis innbyggarane i Ullensvang og Suldal kommunar har vorte frårøva verdiane frå Røldal-Suldal kraftanlegg (RSK), trass prinsipp om heimfall og den kjensgjerninga at innbyggarane har levd med store naturøydeleggingar i mange tiår.
Dei har ei lang rekkje spørsmål i ljos av det som har skjedd som dei ikkje får svar frå departementet på. Eitt av spørsmåla dreier seg om kvifor krafta frå anlegget ikkje lenger er garantert nytta til industri på Vestlandet.
Frå Kgl. res. av 21. desember 1962 om Røldal-Suldal kraftanlegget:
"34. Uten departementets samtykke kan den del av kraftproduksjonen som ikke disponeres av staten bare nyttes i industriell produksjon på Vestlandet."
Svar
Olje- og energiministeren Terje Aasland, 14. juli 2022
Røldal-Suldal Kraft AS ble ved kongelig resolusjon av 21.12.1962 gitt konsesjon til erverv og regulering i Røldal-Suldalsvassdragene. Det ble blant annet stilt følgende vilkår:
«Uten departementets samtykke kan den del av kraftproduksjonen som ikke disponeres av staten bare nyttes i industriell produksjon på Vestlandet.»
Det foreligger ikke noe etterfølgende vedtak hvor dette konsesjonsvilkåret er opphevet.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Sofie Marhaug →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.