Skriftlig spørsmål nr. 2547 · 2021-2022
Kan samferdselsministeren leggje fram kva mengde CO2-utslipp som er berekna ved bygginga av Fornebubanen?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 1. juli 2022. Svaret kom 9. august 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 1. juli 2022
- Besvart
- 9. august 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram kva mengde CO2-utslipp som er berekna ved bygginga av Fornebubanen?
Begrunnelse
Byrådet i Oslo har vedteke bygging av Fornebubanen.
MDG som har samferdselsbyrådet spesielt har vore svært så opptatt av miljø og klima, medan det no ser ut til å ikkje vere så nøye med dette.
Bygginga av Fornebubanen vil gjere svært store inngrep og påføre store CO2 utslipp i byggetida.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 9. august 2022
Det er Viken fylkeskommune og Oslo kommune som er ansvarlege for Fornebubanen.
Eg har fått opplyst at Fornebubanen tar heilskaplege omsyn til klima, miljø og omgivnader i planlegging og utbygging. I prosjekteringsarbeidet blir m.a. optimal ressursbruk, klimavennlege materialar og innsatsstoff og planlegging for avfalls- og massereduksjon prioritert. I gjennomføringsfasen skal prosjektet så langt som mogleg minimere belastninga for omgivnadene når det gjeld arealbeslag, støy og utslepp til luft. Prosjektet arbeider for utsleppsfrie anlegg og for å minimere transportbelastninga.
Fornebubanen har i tidlegfase gjort ei utrekning av det samla klimagassutsleppet, basert på referanse-innsatsfaktorar. Denne berekninga er definert som «Klimabaseline for Fornebubanen». «Klimabaseline for Fornebubanen» er berekna til ca. 315 000 tonn CO2-ekvivalentar totalt over heile livsløpet. Av dette er ca. 53 000 tonn knytt til utbyggingsfasen (inkluderer både indirekte og direkte utslepp). Klimabaseline er utarbeidd for å avdekke kva for materialar og prosessar som har størst påverknad på prosjektet sitt klimafotavtrykk og blir brukt som utgangspunkt for å iverksetje utsleppsreduserande tiltak, til dømes ved å optimalisere mengder, velje materialar med lågare klimagassutslepp og ved å stille krav til materialinnkjøp.
Utrekningane viser at det er materialproduksjon som står for størsteparten av utsleppa, med ca. 66 pst. I materialproduksjonsfasen er det plasstøpt betong, sement (injeksjon), kamstål og sprøytebetong som står for mesteparten av utsleppa. Utbyggingsfasen er berekna til ca. 17 pst. av dei totale utsleppa. I utbyggingsfasen er det massetransport og anleggsmaskiner som står for mesteparten av utsleppa.
I «Klimabaseline for Fornebubanen» er dei største innsatsfaktorane/klimadrivarane kartlagde og viser kva for materialar og prosessar som har størst påverknad og gir dei største CO2-utsleppa. Dette er grunnlaget for tiltak som det blir arbeidd vidare med i detaljprosjekteringa.
Fornebubanen er bevisst sitt miljøfotavtrykk, og arbeid med miljø og klimagassreduserande tiltak er ein integrert del av planleggings- og utbyggingsprosessane.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.