Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2478 · 2021-2022

Kan samferdselsministeren vise til kva lovverk som opnar opp for den ekstreme auken i bompengeinkrevjing som er tenkt gjennomført i Oslo for finansiering av Fornebubanen, og korleis dette henger i …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 27. juni 2022. Svaret kom 30. juni 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
27. juni 2022
Besvart
30. juni 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren vise til kva lovverk som opnar opp for den ekstreme auken i bompengeinkrevjing som er tenkt gjennomført i Oslo for finansiering av Fornebubanen, og korleis dette henger i hop med at det skal vere samanheng mellom bruks og direkte nytte for bilistane, transportnæringa og næringslivet ellers for ei Fornebubane som er tenkt finansiert av alt anna enn kollektivbrukarane?

Begrunnelse

Fornebubanen er vedteke bygd av fleirtalet som styrer i Oslo.
MDG som har samferdselsbyråd og resten av "raudingane" er himla opptatt av miljø og klima. Bilistane skal tydelegvis betale for dei skyhøge overskridingane, då eg registrerar at statsråden uttaler at staten ikkje gjev ei einaste krone ekstra til prosjektet.
Bompengetakstane er tenkt auka kraftig, og dette for områder bilistane, næringslivet i heile området og i resten av landet verken får bruke, eller har direkte nytte av.
Det har i lang tid vore eit klart prinsipp om at den som betalar bompengar skal ha direkte nytte av tiltaket.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 30. juni 2022

Bompengeinnkreving er heimla i veglova § 27. Det framgår der at bompengar kan – i tillegg til ordinær vegutbyggjing – og nyttast til investeringar og driftstiltak for kollektivtransport. All bompengeinnkrevjing på offentleg veg (inkl. takstar og bruk av inntektane), krev samtykke frå Stortinget. Under forrige regjering (i 2017) vart veglova § 27 ledd endra slik at det no og er mogeleg for dei byområda som ønskjer det, å ha eit meir fleksibelt takstsystem med tids- og miljødifferensierte takstar. Ved eit slikt meir fleksibelt takstsystem er det og opna for at bompengeinnkrevjing kan ha ein trafikkregulerande effekt. I bompengefinansierte bypakker er nytteprinsippet og vurdert annleis enn for dei strekningsvise prosjekta. Ved eit auka kollektivtilbod og høgare kollektivandel - er det vurdert at dette gir bilistane, inkl. næringstransporten, betre framkomst, dvs. at dei har ei indirekte nytte.
I Oslopakke 3 er det etablert eit tids- og miljødifferensiert takstsystem. Oslopakke 3 vart sist handsama av Stortinget i 2017 og 2018, jf. Prop. 86 S (2016-2017) og Prop. 69 S (2017-2018). Det framgår her at Oslopakke 3 skal finansiere eit breitt spekter av prosjekt og tiltak for å betre transportilbodet i Oslo og tidlegare Akershus, herunder Fornebubanen.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.