Skriftlig spørsmål nr. 2464 · 2021-2022
Kan samferdselsministeren dokumentere det vegdirektøren hevdar at det er trafikktrygging å nedeskalere vegutbygginga frå sikre, trygge firefeltsvegar, - til to felt, trefelts og lågare fart på motorvegane, og korleis henger dette ihop med erfaringa frå E6 gjennom Østfold?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 17. juni 2022. Svaret kom 4. juli 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 17. juni 2022
- Besvart
- 4. juli 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren dokumentere det vegdirektøren hevdar at det er trafikktrygging å nedeskalere vegutbygginga frå sikre, trygge firefeltsvegar, - til to felt, trefelts og lågare fart på motorvegane, og korleis henger dette ihop med erfaringa frå E6 gjennom Østfold?
Begrunnelse
E6 gjennom Østfold var så skadeutsatt at den hadde fått den fæle merkelappen "dødsvegen", men tross mange protestar vart det bygd ein ny firefelts veg som også åpna for 110 km/t på delar av strekninga.
Ein rapport i 2017 konkluderte med at antall ulykker på strekninga var redusert med heile 39 % og i løpet av 10 år stupte dødstalla på denne vegstrekninga så mykje at den plutseleg var ein av Norges sikraste vegar.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 4. juli 2022
Eg tek for gitt at representanten viser til vurderingane av vegnormalane som Statens vegvesen nyleg har levert til departementet. I innspelet drøftar etaten fleire mindre endringar av vegnormalane, for mellom anna å opne for meir gjenbruk av eksisterande infrastruktur. Det vurderast og å gjera normalane meir fleksible og i større grad å opne for lågare fartsgrense enn 110 km/ t på 4-feltsveg.
Det er viktig å påpeike at dei ulike alternativa etaten foreslår for dei mest trafikkerte vegane alle har midtrekkverk som hindrar møteulykker og aukar trafikktryggleiken.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.