Skriftlig spørsmål nr. 2393 · 2021-2022
Kan samferdselsministeren leggje fram oppdaterte trafikktall ådt, for E-39 Blindheimstunellen, samt antall trafikkulykker og graden av dei som har vore på E-39 strekninga frå Solavågen ferjekai, Veibustkrysset, Blindheimstunellen og vidare til Moa dei siste 5 åra?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 13. juni 2022. Svaret kom 27. juni 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Datert
- 13. juni 2022
- Besvart
- 27. juni 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram oppdaterte trafikktall ådt, for E-39 Blindheimstunellen, samt antall trafikkulykker og graden av dei som har vore på E-39 strekninga frå Solavågen ferjekai, Veibustkrysset, Blindheimstunellen og vidare til Moa dei siste 5 åra?
Begrunnelse
Det var for litt sidan ei alvorleg trafikkulukke på E-39 Blindheimstunellen i Møre og Romsdal.
Svar
Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 27. juni 2022
Blindheimstunnelen på E39 i Møre og Romsdal har ei målt trafikkmengd på 21 844 køyretøy/døgn.
I perioden 2017 til 2021 har det skjedd åtte ulykker på strekninga Solavågen ferjekai via Blindheimstunnelen til Moa på E39. Sju av ulykkene har ført til lettare skader, mens ei ulykke har ført til alvorleg skade. Seks av disse åtte ulykkene er påkøyring bakfrå. I tillegg har det vore ei møteulykke og ei kryssulykke på strekninga.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.