Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2328 · 2021-2022

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt som syner kva vegstandard, ådt samt vegtype (kommune, fylkes, riksveg, to felt, tre felt, firefeltsveg) som har vore ved dei alvorlege ulykkene på Norske vegar i 2022?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 13. juni 2022. Svaret kom 21. juni 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
13. juni 2022
Besvart
21. juni 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren leggje fram ei oversikt som syner kva vegstandard, ådt samt vegtype (kommune, fylkes, riksveg, to felt, tre felt, firefeltsveg) som har vore ved dei alvorlege ulykkene på Norske vegar i 2022?

Begrunnelse

Dette året har vore eit av dei verste så langt med tanke på trafikkulykker og omkomne i trafikken. Det er nok mange grunner som kan ligge bak dette, og vegdirektoratet har nok ei oversikt som syner dette meir detaljert.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 21. juni 2022

Så langt i år har det vore urovekkjande mange dødsulykker på norske vegar der 56 personar har mist livet.
Statens vegvesen har utarbeidd den etterfølgjande oversikta per 15. juni 2022, då talet var 52 omkomne personar fordelt på 46 ulykker.
Tabellen under viser at det har vore 21 dødsulykker på fylkesveg og 18 dødsulykker på europa- og riksveg:

Veg Drepne Ulykker
EV 15 13
RV 6 5
FV 24 21
KV 3 3
PV 4 4
Sum 52 46

Følgjande tabell viser dødsulykker fordelt på fartsgrensene på vegen. Det har skjedd klart flest dødsulykker der fartsgrensa er 80 km/t.:
30 km/t 40 km/t 50 km/t 60 km/t 70 km/t 80 km/t 90 km/t 100 km/t Sum
1 4 7 3 5 25 0 1 46

Neste tabell viser talet på ulykker fordelt på trafikkmengd (mengd køyretøy/døgn) på vegen. Det manglar tre ulykker på kommunal veg i tabellen, der trafikkmengda ikkje er registrert. Tabellen viser at det har skjedd 14 dødsulykker der trafikkmengda på vegen har vore under 2000 køyretøy/døgn:
0-2000 2000-4000 4000-6000 6000-8000 8000-10000 Over 14000 Sum
14 7 9 3 4 6 43

Dei ni dødsulykkene som har skjedd på vegar utan gul midtstripe fordeler seg med tre på private vegar, ein på kommunal veg og fire på fylkesvegar. Elles skjedde dei fleste ulykkene på vegar med gul midtstripe:
Tal køyrefelt på vegen Dødsulykker
Utan gul midtstripe (smal to-feltsveg) 9
Med gul midtstripe (to-feltsveg) 35
4-feltsveg med midtrabatt/rekkverk 2
Sum 46

Eg vil understreke at Statens vegvesen enno ikkje har djupdeeanalysar for nokon av dødsulykkene som har skjedd i 2022. Dette vil skje når politi- og helseopplysningar er tilgjengelege. Ein kan difor enno ikkje seie noko om vegforhold har vore medverkande til at ulykka har skjedd. Statens vegvesen følgjer aktivt med på ulykkessituasjonen og vil foreta tiltak dersom trendar i ulykkesbiletet tilseier det.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.