Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2302 · 2021-2022

Kan samferdselsministeren forklare korleis ein har tenkt å leggje til rette for gåande og syklande på prosjektet Møreaksen E-39 i Møre og Romsdal?

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 9. juni 2022. Svaret kom 21. juni 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
9. juni 2022
Besvart
21. juni 2022

Spørsmål

Kan samferdselsministeren forklare korleis ein har tenkt å leggje til rette for gåande og syklande på prosjektet Møreaksen E-39 i Møre og Romsdal?

Begrunnelse

I Møre og Romsdal er det under planlegging ferjefri E-39 Møreaksen for kryssing av Romsdalsfjorden.
Statsråden har uttalt at det er svært viktig å leggje til rette for gåande og sykklande i framtidige vegutbyggingar.
Møreaksen er planlagt med heile 16 km med tunellar der ein skal i ein djupe undersjøisk tunell under Romsdalsfjorden ned på mellom 3-400 m.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 21. juni 2022

Tiltak for syklande og gåande er teke inn som del av planlegginga av prosjektet E39 Ålesund-Molde. Det vert planlagt med tilbod for desse trafikantane langs hele vegen. Nokre stader er det planlagt nye gang- og sykkelvegar, og andre stader vert eksisterande vegar nytta.
Det er planlagt haldeplassar for kollektivtrafikk fleire stader langs vegen. Det vil vere enkelt å sykle eller gå til fleire av desse plassane, og det vil vere moglegheit for parkering av sykkel på dei største plassane. Slik kan det vere ein enkel overgang frå gåing og sykling til kollektivtransport. Det er laga ei eiga utgreiing av kollektivtilbodet, saman med mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for kollektivtilbod.
Det vil ikkje vere lov å gå eller sykle i den undersjøiske tunnelen under Romsdalsfjorden. For å passere sjølve tunnelen må ein nytte kollektivtransport.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.