Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Muntlig spørsmål nr. 2 · 2021-2022

Spørsmålet går til samferdselsministeren – ikkje overraskande. Europa er i krig. Vi har eit klimahysteri i Europa og utfordringar innan energi, som gjer at olje- og gassprisane går til himmels. Dette …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. mai 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
18. mai 2022
Besvart
18. mai 2022

Samferdsel · Vegtrafikk · Lokalforvaltning · Bygningsvesen · Finanser · Priser og konkurranseforhold

Spørsmål

Spørsmålet går til samferdselsministeren – ikkje overraskande.

Europa er i krig. Vi har eit klimahysteri i Europa og utfordringar innan energi, som gjer at olje- og gassprisane går til himmels. Dette har ført til at drivstoffprisane har auka med 40–50 pst., noko som gjer at transportnæringa og Maskinentreprenørenes Forbund får enorme kostnader, og at kostnadsveksten er formidabel. I tillegg har ein store utfordringar med å få likviditeten på plass, og ein har varsla, bl.a. i Maskinentreprenørenes Forbund, at det ligg an til massive permitteringar, og at det kan verte oppseiingar, med bakgrunn i den galopperande prisspiralen når det gjeld spesielt drivstoff, men også bygg og anleggsvarer generelt i bransjen.

Spørsmålet til samferdselsministeren er: Kan han forklare korleis regjeringa har tenkt å møte desse utfordringane innan transportnæringa og Maskinentreprenørenes Forbund? Når ein i landbruksoppgjeret har argumentert med at ein kjem i møte utfordringar i veksten i kostnader innan landbruksnæringa, er signalet regjeringa gjev no, at ein skal kutte på bygging av store vegprosjekt – ein kuttar ned på vedlikehaldsmidlar og ikkje minst midlar til asfalt – så ein gjer altså det stikk motsette og lagar det verre for transportnæringa og for maskin- og entreprenørnæringa.

Forklar kva som er greia, og korleis ein har tenkt å løyse utfordringane i transportnæringa og for maskin- og entreprenørnæringane i heile Noreg.

Spørsmålet ble besvart muntlig i spørretimen. Svaret står i referatet fra møtet, som er lenket fra spørsmålet på stortinget.no.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.