Skriftlig spørsmål nr. 2170 · 2021-2022
Kan samferdselsministeren leggje fram eit detaljert oppsett som syner berekningsgrunnlaget og resultatet av ferjeavløysingsmodellen for FV 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal?
Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 25. mai 2022. Det ble besvart av kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik. Svaret kom 7. juni 2022.
- Fra
- Frank Edvard Sve (FrP)
- Til
- Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
- Besvart av
- Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
- Datert
- 25. mai 2022
- Besvart
- 7. juni 2022
Spørsmål
Kan samferdselsministeren leggje fram eit detaljert oppsett som syner berekningsgrunnlaget og resultatet av ferjeavløysingsmodellen for FV 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal?
Begrunnelse
Det er fastsett ny modell for berekning av ferjeavløysingsmidlar, av førige regjering.
I Nordøyvegprosjektet på fv 659 er det berekna ferjeavløysingsmidlar i finansieringsplanen og dette er stadfesta av departement til fylkeskommunen.
Det er no ein diskusjon ikring kva berekningsgrunnlag som er nytta og med kva år i ferjedrifta ein har brukt som grunnlag i utrekninga av ferjeavløysingsmidlane for prosjektet.
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 7. juni 2022
Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar blei fastsett av dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet i brev av 25. mai 2020. I tråd med punkt 5.3 i retningslinjene for ferjeavløysingsordninga, blei det årlege beløpet fastsett med utgangspunkt i inntektssystemet slik det var på det tidspunktet søknaden blei behandla, altså i 2020.
Storleiken på ferjeavløysingsmidlane blir rekna ut på bakgrunn av reduksjon i tilskot gjennom inntektssystemet når eit ferjesamband blir avløyst eller korta inn av ei bru eller ein undersjøisk tunnel. Reduksjonen blir berekna som nettoeffekten av å endre kriteriedata i utgiftsutjamninga i inntektssystemet. Avløysing av eit ferjesamband vil gi lågare tilskot gjennom kriteriet normerte ferjekostnader i kostnadsnøkkelen, mens det nye vegnettet vil gi auka tilskot gjennom kriteriet vedlikehaldsbehov fylkesveg. Ferjeavløysingsmidlane blir altså rekna ut som nettoeffekten i utgiftsutjamninga av desse endringane.
Ferjeavløysingsmidlane for Nordøyvegen er fastsett med utgangspunkt i tal frå Møre og Romsdal fylkeskommune og berekningar gjort av Statens vegvesen og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Vegprosjektet vil avløyse to ferjesamband som inngår i inntektssystemet for fylkeskommunane: Skjeltene–Lepsøya–Haramsøya og Brattvåg–Harøya–Fjørtofta. Desse sambanda utløyste til saman 94,446 mill. kroner i tilskot gjennom utgiftsutjamninga i 2020.
Det nye vegnettet som blir bygd, ville utløyst 33,871 mill. kroner i auka tilskot gjennom kriteriet vedlikehaldsbehov fylkesveg, slik kriteriet blei berekna til inntektssystemet i 2020. Til saman gav dette ein berekna nettoeffekt i utgiftsutjamninga på -60,575 mill. kroner i inntektssystemet for 2020. Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar blei dermed fastsett til 60,575 mill. kroner (2020-kroner). Beløpet vil bli prisjustert med 2,5 prosent i heile utbetalingsperioden.
Stortinget bad nyleg regjeringa om å vurdere om ferjeavløysingsmidlane for Nordøyvegen bør reknast ut på nytt. Regjeringa vil komme tilbake med oppfølging av dette oppmodingsvedtaket ved eit seinare høve.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.