Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2144 · 2021-2022

Kommunikasjonsbransjen har mange tilsette og eit mangfald av bedrifter over heile landet, herunder mange einpersons-bedrifter. Finansministeren seier i Klassekampen 24/5 at «Eg vil at folk skal …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til finansministeren, Trygve Slagsvold Vedum, 24. mai 2022. Det ble besvart av kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik. Svaret kom 31. mai 2022.

Til
Finansministeren · Trygve Slagsvold Vedum
Besvart av
Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
Datert
24. mai 2022
Besvart
31. mai 2022

Spørsmål

Kommunikasjonsbransjen har mange tilsette og eit mangfald av bedrifter over heile landet, herunder mange einpersons-bedrifter. Finansministeren seier i Klassekampen 24/5 at «Eg vil at folk skal oppleve det som ei ulempe å bruke PR-bransjen (…) Vi vil svekke marknadsverdien til desse byråa.»
Kva andre tiltak enn telefonnekt vil finansministeren innføre for å "svekke marknadsverdien til bedriftene i bransjen", og er det andre bransjar/næringar kor regjeringa har sett seg eksplisitt mål om å svekke marknadsverdien til selskapa?

Svar

Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 31. mai 2022

I Hurdalsplattforma skriv regjeringspartia at vi vil kraftig redusere statlege verksemders kjøp av tenester frå kommunikasjonsbransjen. Utover informasjons- og haldningskampanjar skal slike tenester som hovudregel ikkje nyttast.
Regjeringa har kutta budsjetta til dei 20 statlege verksemdene som har nytta mest midlar på artskonto 672 i 2019 og 2020. Artskonto 672 i statsrekneskapen gjeld konsulenttenester til organisasjonsutvikling, kommunikasjonsrådgjeving mv. Det totale kuttet på 60 millionar kroner blei fordelt mellom verksemdene ut frå kor mykje dei hadde ført på denne kontoen av samla budsjett.
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har i år fått i oppgåve å spesifisere kor mykje av artskonto 672 som gjeld kommunikasjonstenester. DFØ skal også kartleggje kor mange som i 2021 jobbar med kommunikasjon i statlege verksemder.
Regjeringa har i tillegg vedteke ei fellesføring til alle statlege verksemder i 2022, kor det er sett krav om å redusere konsulentbruken på område der det ligg til rette for å nytte interne ressursar og kompetanse. Utover informasjons- og haldningskampanjar skal tenester frå kommunikasjonsbransjen som hovudregel ikkje nyttast.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.