Skriftlig spørsmål nr. 2143 · 2021-2022
Kva vurderer finansministeren som mest og minst jålete og dekadent av dei tre store statlege byggeprosjekta Ocean Space Center, samlokalisering av NTNU og tunge investeringar i auka tryggleik i samband med bygging av nytt regjeringskvartal i kjølvatnet av terrorhandlingane 22. juli 2011?
Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til finansministeren, Trygve Slagsvold Vedum, 24. mai 2022. Det ble besvart av kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik. Svaret kom 30. mai 2022.
- Fra
- Alfred Jens Bjørlo (V)
- Til
- Finansministeren · Trygve Slagsvold Vedum
- Besvart av
- Kommunal- og distriktsministeren · Sigbjørn Gjelsvik
- Datert
- 24. mai 2022
- Besvart
- 30. mai 2022
Spørsmål
Kva vurderer finansministeren som mest og minst jålete og dekadent av dei tre store statlege byggeprosjekta Ocean Space Center, samlokalisering av NTNU og tunge investeringar i auka tryggleik i samband med bygging av nytt regjeringskvartal i kjølvatnet av terrorhandlingane 22. juli 2011?
Begrunnelse
Spørsmålet syner til intervju med Finansministeren i NRK Politisk Kvarter 23/5.
Jålete er i Bokmålsordboka definert som "Tilgjort, narraktig, forfengeleg".
Dekadent er i Bokmålsordboka definert som "Moralsk forfallen, livstrøtt", og spring ut av ordet dekadanse, definert som noko som går i "oppløsning på grunn av overdreven forfinelse".
Svar
Kommunal- og distriktsministeren Sigbjørn Gjelsvik, 30. mai 2022
Eg meiner vi må vere meir nøkterne i bruk av offentlege midlar i statlege byggeprosjekt.
Regjeringa har i RNB for 2022 (Meld. St. 2 (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022)) varsla ein gjennomgang av byggeprosjekt i statleg sivil sektor med mål om å redusere kostnadar og unngå ytterlegare press i norsk økonomi. Statens samla investeringar på dette området har auka over fleire år, og ligg på eit høgt nivå samanlikna med andre land.
Samtidig har det vore ein heilt ekstraordinær prisvekst i byggemateriale som betong, treverk og stål. Dette gjer det vanskelegare å ha byggekostnadane under kontroll.
Vi veit at det vil bli mindre handlingsrom i budsjetta i åra som kjem. Det vil derfor vere nødvendig å nedskalere og utsette enkelte byggeprosjekt som er særleg store og kostbare. I komande prosjekt vil denne regjeringa legge vekt på å utgreie behova betre og prioritere dei viktigste behova først.
Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →
Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.