Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2088 · 2021-2022

Samferdselsministeren har hevda at ikkje noko vegprosjekt er kutta av regjeringa så langt. Kan samferdselsministeren forklare kvifor regjeringspartia og SV stemte imot at Rv 15 Strynefjellet skal …

Frank Edvard Sve (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 18. mai 2022. Svaret kom 24. mai 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
18. mai 2022
Besvart
24. mai 2022

Spørsmål

Samferdselsministeren har hevda at ikkje noko vegprosjekt er kutta av regjeringa så langt.
Kan samferdselsministeren forklare kvifor regjeringspartia og SV stemte imot at Rv 15 Strynefjellet skal starte opp i fyrste 6 års perioden av NTP, og jamf. Statens vegvesen sin gjennomføringsplan som syner fyrst gjennomføring i perioden 2028-2033?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 24. mai 2022

Representanten stiller spørsmål om kutt av vegprosjekt. Innleiingsvis vil eg påpeike at mi forståing er at kutt inneber å stoppe/forskyve eksisterande planar, men det betyr ikkje å nekte påskunding av ein plan.
Når det gjeld det konkrete prosjektet gjorde eg greie for regjeringa sitt syn i debatten i Stortinget. Som eg sa i mitt innlegg, er prosjektet ikkje namngitt i Meld. St. 20 (2020–2021)
Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP). I NTP er det dermed ikkje lagt til grunn at prosjektet startar opp i fyrste seksårsperiode i NTP. Som eg òg nemnde i stortingsdebatten, er det etter gjeldande praksis opp til Statens vegvesen sjølv å vurdere kva for prosjekt dei skal setje i gang planlegging av etter plan- og bygningslova innanfor rammene som er fastsett i NTP. Statens vegvesen sin gjennomføringsplan inneheldt eit planleggingsprogram som viser kva for prosjekt som skal planleggast etter plan- og bygningslova. Som det går fram der er rv. 15 Strynefjellet omtalt med forventa planaktivitet i 2024.
Eg vil dessutan vise representanten til innlegga som vart haldt då saka vart debattert i Stortinget.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Frank Edvard Sve →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.