Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2070 · 2021-2022

Meiner regjeringa det er fornuftig at folk må ta med seg bil for å reise gratis slik regjeringa har lova på båtane som går til øyene i Flora-bassenget i Kinn kommune i Vestland, eller vil regjeringa …

Alfred Jens Bjørlo (V) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 15. mai 2022. Svaret kom 25. mai 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
15. mai 2022
Besvart
25. mai 2022

Spørsmål

Meiner regjeringa det er fornuftig at folk må ta med seg bil for å reise gratis slik regjeringa har lova på båtane som går til øyene i Flora-bassenget i Kinn kommune i Vestland, eller vil regjeringa sørge for at det blir gratis å ta bilførande båt i Flora-bassenget også for gåande eller syklande passasjerar utan bil, på same måte som det blir for bilistar?

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 25. mai 2022

Ordninga med gratis ferjer gjeld bilførande fartøy, ikkje båtruter. I ein del tilfelle eksisterer kombinerte ruter. I inntektssystemet til fylkeskommunane er det etablert eit skilje mellom kva som vert rekna som ferje, og kva som er båtruter. I den samanhengen vert ei rute rekna som båtrute, uavhengig av fartøystype, så lenge fartøyet fraktar passasjerar, og så lenge eventuell biltrafikk er på under 10 personbileiningar i årsdøgntrafikk.
I dei fleste ferjesamband er det ikkje billettering av passasjerar. Eg kjenner ikkje konkret til korleis tilbodet er utforma for båt- og ferjeruter i Florabassenget, og om det skulle vera tilfelle at passasjerar på ferjerutene vert billetterte der. Det er mellom anna derfor at vi i framlegget eksplisitt har opplyst om at innfasing og innretning av ordninga med gratis ferje må vurderast konkret av fylkeskommunane for kvart enkelt samband.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.