Hopp til innhold
Fredag 13. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Spørsmål til regjeringen

Skriftlig spørsmål nr. 2060 · 2021-2022

Hvilke ferjesamband til samfunn utan omkjøringsveg inngår ikkje i regjeringa sitt forslag til gratis, ferjer og kva er provenyet pr. samband for også å inkludere desse i ordninga?

Helge André Njåstad (FrP) stilte spørsmålet til samferdselsministeren, Jon-Ivar Nygård, 13. mai 2022. Svaret kom 24. mai 2022.

Til
Samferdselsministeren · Jon-Ivar Nygård
Datert
13. mai 2022
Besvart
24. mai 2022

Spørsmål

Hvilke ferjesamband til samfunn utan omkjøringsveg inngår ikkje i regjeringa sitt forslag til gratis, ferjer og kva er provenyet pr. samband for også å inkludere desse i ordninga?

Begrunnelse

Regjeringa foreslår i RNB å innføre gratis ferje for samband med under 100 000 passasjerer, men ikkje til samfunn utan omkjøringsveg som også er omtalt i Hurdalplattformen.

Svar

Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård, 24. mai 2022

I framlegg til revidert statsbudsjett for 2022 er det gjort framlegg om å innføra gratis ferjer på delstrekningar til øyar og samfunn utan vegsamband til fastlandet i fleirkantsamband, jf. tabell 2.3 i Prop. 115 S (2021-2022). Det som ikkje er omfatta av framlegget er samband til øyar og veglause samband med over 100 000 passasjerar. Basert på tal frå 2019 fall 16 samband inn under denne kategorien, jf. tabell under med passasjertal og nettoinntekter. Ruter med årsdøgntrafikk under 10 personbileiningar er klassifiserte som båtruter, og er heller ikkje inkluderte.
Fylke Samband Antall passasjerar inkl. førar 2019 Nettoinntekt 2019 (mill. 2022-kr)
Agder Launes - Kvellandstrand 227 504 5,6
Møre og Romsdal Aukra - Hollingsholmen 638 123 17,9
Møre og Romsdal Brattvåg - Dryna - Fjørtofta - Harøya 252 498 13,1
Møre og Romsdal Edøya - Sandvika 211 833 8,7
Møre og Romsdal Solholmen - Mordalsvågen 338 407 8,8
Nordland Festvåg - Misten 168 383 5,6
Nordland Forøy - Ågskardet 140 988 5,7
Nordland Horn - Andalsvåg 136 900 6,0
Nordland Sandnessjøen - Dønna - Løkta 251 811 11,8
Nordland Søvik - Herøy 222 149 12,2
Rogaland Mekjarvik - Kvitsøy 135 612 5,7
Rogaland Vassøy 105 794 3,1
Troms og Finnmark Stornes- Bjørnerå 238 785 5,9
Trøndelag Levanger - Hokstad 143 059 5,8
Trøndelag Ølhammeren - Seierstad 110 128 2,3
Vestland Krokeide - Hufthamar 454 006 29,5
Totalsum 3 775 980 147,7

Sambandet Brattvåg - Dryna - Fjørtofta - Harøya er planlagt endra til Brattvåg - Dryna ved opning av Nordøyvegen i 2022. Av totalt tal passasjerar og inntekt på dette sambandet utgjorde reisande på strekninga Brattvåg - Dryna 85 826 passasjerar og inntekt på 3,9 mill. 2022-kr. Justert for planlagt ruteendring var inntekta i 2019 frå samband innanfor dette utvalet 138,5 mill. kr.
Sambandet Skjeltene – Lepsøya – Haramsøya er nedlagt grunna delopning av Nordøyvegen og er ikkje med på lista.

Spørsmålet på stortinget.no ↗Flere spørsmål fra Helge André Njåstad →

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Teksten er gjengitt slik den står hos Stortinget.